Om IKA Møre og Romsdal |
||||
| |
||||
OM IKA MØRE OG ROMSDALInterkommunalt Arkiv for Møre og Romsdal vart oppretta i 2000, og er ått av Møre og Romsdal fylke og 34 av totalt 38 kommunar i heile fylket. IKA Møre og Romsdal har hovudkontor i Ålesund og eit avdelingskontor i Kristiansund. Ved hovudkontoret i Ålesund er også store og moderne arkivmagasin som fungerar som depot for eldre kommunale arkiv, personarkiv, privatarkiv og elektroniske arkiv. I tilknyting til arkivmagasinet er det også tilgang til arbeidsrom/lesesal for eksterne brukarar. IKA Møre og Romsdal har i løpet av sine fem første år vorte ein viktig del av den samla arkiv-, bibliotek- og museumssektoren i fylket. Institusjonen har også fått ansvaret for oppretting og administrasjon av Kulturnett Møre og Romsdal. Heimesida til IKA Møre og Romsdal finn ein på internettadressa www.ikamr.no Her finn ein mellom anna databasar over registrert, eldre, kommunalt arkivtilfang frå ei rekkje kommunar i fylket. De er velkomne til å ta kontakt med oss om de har spørsmål gjeldande vår verksemd. Kontaktinformasjon IKA Møre og Romsdal |
|
|||