Om utstillinga

 
Til hovudsida | Om utstillinga | Val august | Val november | Andre kjelder | Om IKA |  
 

OM 1905-PROSJEKTET

Bakgrunn

IKA Møre og Romsdal hadde eit ønskje om å vere med på å markere hundreårsjubileet for unionsoppløysinga mellom Noreg og Sverige i 1905. Ein søkte difor Møre og Romsdal fylke om midlar til å utarbeide ei nettutstilling. Fylkeskulturutvalet løyvde så midlar til dette arbeidet under føresetnad av at IKA Møre og Romsdal la ned ein tilsvarande innsats av eigne midlar. Det var meininga at nettutstillinga skulle publiserast på nettstaden til Kulturnett Møre og Romsdal, men Kulturnettet har diverre enno ikkje kome på nettet. Kulturnettet er eit prosjekt knytt til IKA, som har som mål å bli ein digital møteplass for kulturlivet i heile fylket.

Føremål

Føremålet med nettutstillinga er å gje både lek og lærd eit innblikk i storhendingane som gjekk føre seg i 1905, og då primært på eit lokalt plan. Ein har difor konsentrert nettutstillinga om Møre og Romsdal, eller Romsdal amt som det då heitte, og lagt mindre vekt på å presentere dei storpolitiske hendingane på riksnivå.

Med denne nettutstillinga ønskjer ein også å framheve arkiv og arkivmateriale som ei viktig kjelde til fortida.

Rettar og bruk av materialet

Me vonar både skuleelevar, studentar, lokalhistorikarar, historikarar, forskarar og elles heile ålmenta vil ha bruk og nytte av kjeldematerialet me her presenterer. Materialet vil kunne nyttast på mange nivå, då den på fleire vis kan gje oss verdfull kunnskap om 1905 og tilhøva i fylket for hundre år sidan.

Fleire av bileta er henta frå Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal samt at ymse illustrasjonar er henta frå Nasjonalbiblioteket si 1905-utstilling. Me ønskjer å rette ein takk både til desse og til Riksarkivet, då dei alle har stilt kjeldemateriale til disposisjon og ytt hjelp til å få denne nettutstillinga i stand.

Materialet som blir presentert kan nyttast fritt til ikkje-kommersielle føremål. Elles ønskjer me at de gjev opp IKA Møre og Romsdal som kjelde, - ev. andre kjelder som er oppgjevne i samband med materialet på nettutstillinga.

Velkomne til utstillinga!

Me håpar de vil finne 1905-utstillinga interessant og vil gjere dykk nytte av denne.

Har de spørsmål knytt til prosjektet er de sjølvsagt velkomne til å ta kontakt med IKA Møre og Romsdal.

Med helsing frå

Arnt Ola Fidjestøl, Dagleg leiar IKA Møre og Romsdal
Mads Langnes, Prosjektansvarleg for 1905-utstillinga
Liv Randi Foss, Kulturnett Møre og Romsdal - utforming av utstillinga

  Christian Michelsen
Christian Michelsen.
Kjelde: Nasjonalbiblioteket

Postkort
Postkort.
Kjelde: Nasjonalbiblioteket


Valurne frå Nesset.
Kjelde: Nesset kommune/IKA