Folkerøystinga august 1905 |
||||
| |
||||
Folkerøystinga i august 1905Den 28. juli 1905 avgjorde Stortinget at det skulle haldast folkeavstemning den 13. august. Den Urtima Riksdagen sette ned eit utval som skulle vurdere om Noreg måtte oppfylle noko vilkår før Sverige kunne gå med på ei unionsoppløysing, og kva vilkår dette i så fall skulle vere. Utvalet la frem si innstilling 25. juli. Dei meinte mellom anna at det norske folk måtte høyras og stadfeste at det støtta regjeringas politikk før det kunne bli aktuelt med ein dialog med Noregs regjering om oppheving av unionen. Riksdagen hadde som ønskje at det anten vart halde folkeavstemming eller at det vart skrive ut nyval. Michelsens regjering var førebudd på dette kravet. Allereie 28. juli vedtok Stortinget at det skulle gjennomføres folkeavstemning, same dag som utvalets innstilling vart gjeve samtykke i Riksdagen. Dermed kom den norske regjeringa og Stortinget Riksdagen i forkjøpet, og folkeavstemminga verka ikkje som utført på svensk kommando. (Kjelde: Nasjonalbiblioteket). På denne sida vil de finne fleire ulike kjelder som gjeld folkerøystinga i august 1905. Mellom anna Stortingets avgjerd av 28. juli 1905 med reglar for korleis folkerøystinga skulle gå føre seg den 13. august 1905. De finn også bilete av stemmesetlar og ein tabell over valresultatet i valsokna i Møre og Romsdal, samt eit kart som viser den prosentvise valdeltakinga kring om i fylket. Me vil også minne om at de vil finne både originalkjeldene og fullstendige avskrifter av møtereferata frå kvart einskild valstyre under menyvalet for det einskilde valsokn. |
![]() Kunngjering om valet i august. Kjelde: Nasjonalbiblioteket
|
|||