Folkerøystinga november 1905 |
||||
| |
||||
Folkerøystinga i november 1905Den 31. oktober vedtok Stortinget at det på ny skulle haldast folkerøysting. Saka galdt om regjeringa skulle få mandat til å gå inn i forhandlingar med prins Carl av Danmark om å la seg velje til norsk konge. Føresetnaden var at folket gav sin tilslutnad ved folkerøysting, og denne vart fastsett til 12. og 13. november 1905. Det var også eit ønskje frå prins Carl at det norske folket vart hørt og gav sin tilslutnad til hans kandidatur. Dette vart ei røysting mellom kongedøme og republikk. Dei som røysta ja, gav sin tilslutnad til eit kongedøme, medan dei som røysta nei, gjekk inn for republikk. (Kjelde: Nasjonalbiblioteket). På denne sida vil de finne fleire ulike kjelder som gjeld folkerøystinga i november 1905. Mellom anna Justisdepartementets kunngjering om folkerøystinga, samt reglar for denne. De vil også finne bilete av stemmesetlar og ein tabell over valresultatet i valsokna i Møre og Romsdal. Valdeltaking og valresultat kjem også fram av to kart med opplysingar frå kvart valsokn i fylket. Me vil også minne om at de vil finne både originalkjeldene og fullstendige avskrifter av møtereferata frå kvart einskild valstyre under menyvalet for det einskilde valsokn. |
![]() Kunngjering om valet i november. Kjelde: Nasjonalbiblioteket |
|||