Kvinnenes underskriftslister |
||||
| |
||||
Kvinnenes underskriftslisterI 1905 var det berre menn som hadde røysterett ved folkerøystingane. I samband med folkerøystinga 13. august om folket støtta unionsoppløysninga, arrangerte kvinnesaksforeiningane difor eigne innsamlingar av kvinneunderskrifter. Denne aksjonen vart sett i gang frå sentralt hald av Landskvinnestemmeretsforeininga, medan lokale kvinneforeiningar og einskildpersonar følgde opp lokalt. Med dette ville kvinnene også late sine røyster bli høyrde med sin tilslutnad til Stortinget og Regjeringas ”ja” til å bryte unionen med Sverige. Til saman vart det samla inn vel så 250 000 underskrifter frå kvinner fram mot valdagen i august 1905. På denne sida vil de finne oppropet frå Landskvinnestemmeretsforeininga sentralt. De vil også finne originale underskriftslister frå fleire bygder i Møre og Romsdal. |
|
|||
|
||||