Om IKA Depot Arkivdanning Personregister Eldre arkiv Privatarkiv Elektronisk arkiv  

> Om IKA / Nyhende / Seniorpresseklubben

 

Nyhende

Avtalebok

Medlemmar

Konferansar

Tilsette

Kontakt oss

Lesesal

Webarkiv

Arkiv lenker

Digitaliserte møtebøker





Seniorpresseklubben

Seniorpresseklubben

Seniorpresseklubben avdeling Møre og Romsdal var gjestar hos IKA 27. november 2007.

Medlemmane i klubben er personar som arbeider eller har arbeidd i pressa og andre massemedia. Du må vere minst 60 år for å bli medlem, så dei 13 som benka seg på lesesalen til IKA sit inne med utruleg mykje erfaring og kunnskap. Ved sidan av kaffi og litt å bite ti serverte Jan Aakvik og Gunnar Morsund informasjon om IKA og noko av det vi driv med. Det syntes som om det var ein lydhøyr og interessert møtelyd som i løpet av vel ein time fekk sjå og høyre om m.a. Kulturnett, stadnamnregistrering, kommunale og private arkiv. Til slutt slapp dei inn i arkivdepotet for ei lita omvisning. Vi i IKA synest det er kjekt å få slike besøk, og stiller gjerne opp igjen. Takk til klubben ved Johan Hole for initiativet.


        

        

        

        

Ålesundskontoret: Kirkegt.10, Pb 1073 Sentrum, 6001 Ålesund
70165180 | Fax: 70165181 | postmottak[at]ikamr[dot]no

webmaster[at]ikamr[dot]