Julenissen bor i Kristiansund!
(18. desember 2007 10:18:45)
Det er ikkje mange som veit at julenissen bur i Kristiansund. Dei engelske søstrene Peggy og Jill Harris meinte i alle fall dette, då dei i 1962 sendte brev til julenissen v/ordføraren i Kristiansund. Verden var kan hende noko meir enkel og oversiktlig den gongen? Brevet fann me i saksarkivet etter rådmannen i Kristiansund.
Julenissen stammer opphavlig fra legendene om den kristne helgenen Sankt Nikolas i Tyrkia på 300-tallet. Han hjelpte blant anna barn og familiane deira når dei trengte det. Forsking tyder på at den norske julefiguren er ein kombinasjon av kristne og heidenske førestellingar basert på folketrua sin vette eller gardvorden.
I Noreg vart det vanlig med julekort i slutten på 1800-talet og kunstnaren og vossingen Nils Bergslien (1853 - 1928) laga mange julekortvariantar. I Eidfjord kommune i Hordaland ligger Galleri Nils Bergslien som har utstilt fleire verk av kunstnaren.
Våre dagars bilete av julenissen kjem frå Coca-Cola selskapet si reklamekampanje i 1923, og kommersialiseringa av julefeiringa i Noreg forventas med ny rekord på heile 13,5 milliardar kroner.
Kjært barn har mange namn og julenissen heter på dansk julemanden og på finsk joulupukki.
For større bilde klikk herSTØRRE BILDE
God jul!
Kjelde: Wikipedia (engelsk)
|