Om IKA Depot Arkivdanning Personregister Eldre arkiv Privatarkiv Elektronisk arkiv  

> Om IKA / Nyhende / Konferanse om maritime arkiv.

 

Nyhende

Avtalebok

Medlemmar

Konferansar

Tilsette

Kontakt oss

Lesesal

Webarkiv

Arkiv lenker

Digitaliserte møtebøker





Konferanse om maritime arkiv.

Frå venstre: Audun Maråk, Gry Helen Molvær Grimstad, Leiv Grønnevet, Bjørn Bering

Ei samstemt forsamling kom fram til at no må arkiva frå bedrifter og organisasjonar knytt til dei marine og maritime næringane i fylket takast skikkeleg vare på.

Ein tar sikte på eit dugnadsarbeid og spleiselag der bedrifter, organisasjonar, det offentlege og enkeltpersonar bidrar til å få registrert, ordna og deponert dokumentasjon frå det mangfaldet av verksemder med basis i havet.

Høgskolen i Ålesund i samarbeid med Fiskerihistorisk gruppe, Sunnmøre Museum og IKA bad inn til konferanse på høgskulen 14. januar med tema: Dokumentasjon, forskning og formidling av marine og maritime næringar i Møre og Romsdal.

48 deltakarar i tillegg til media møtte på konferansen. Flesteparten representerte bedrifter i fylket, reiarar, fiskeforedling og –omsetning, verft, utstyrsleverandørar med vidare. Museum, arkiv, høgskular, politikarar, organisasjonar og historikarar var solid til stades. Rektor Geirmund Oltedal ønskte velkomen til høgskulen. Johan Weiberg Gulliksen frå Fiskerihistorisk gruppe i Ålesund, historikar og tidlegare prosjektmedarbeider ved IKA, Mads Langnes, direktør i Fiskebåtredernes Forbund, Audun Maråk, seniorrådgjevar i ABM-utvikling, Bjørn Bering, professor ved Høgskulen i Ålesund, Harald Yndestad, regionkonservator ved Sunnmøre Museum, Jarle Sulebust og dagleg leiar ved IKA Møre og Romsdal, Arnt Ola Fidjestøl hadde innleiingar med ulike innfallsvinklar til utfordringane og moglegheitene vi har.

Eit panel leia av seniorrådgjevar i SINTEF MRB Leiv Grønnevet - solid bakgrunn frå fiskerinæring, finans, forsking, organisasjonar og politikk, styreleiar i Fiskerimuseenes Nettverksråd diskuterte saman med konferansedeltakarane korleis ein skal gå fram vidare. I panelet sat elles stortingsrepresentant May Helen Molvær Grimstad, Bjørn Bering og Audun Maråk.

Det var semje om at det trengs ein innsats for å ta vare på det som finst og gjere det tilgjengeleg for forskarar og andre. Det vil vere behov for statlege midlar, men det vil ikkje skje snart. Difor ville ein gå inn for eit treårig prosjekt med ei arbeidsgruppe frå næringslivet og det offentlege. Arbeidet må dekke heile fylket, og ein kan også trekke inn Ytre Nordfjord. Ein må konsentrere eg om næringar og organisasjonar med tilknyting til bruk av sjøen.

Konferansen fekk god mediadekning i NRK Møre og Romsdal, TVSunnmøre, Sunnmørsposten og Tidens Krav. Initiativtakarane og deltakarar har i ettertid uttrykt optimisme og at ein får kome i gang med det konkrete arbeidet.


        

        

        

        

Ålesundskontoret: Kirkegt.10, Pb 1073 Sentrum, 6001 Ålesund
70165180 | Fax: 70165181 | postmottak[at]ikamr[dot]no

webmaster[at]ikamr[dot]