Om IKA Depot Arkivdanning Personregister Eldre arkiv Privatarkiv Elektronisk arkiv  

> Om IKA / Nyhende / Nye arkivkatalogregistreringer på nett

 

Nyhende

Avtalebok

Medlemmar

Konferansar

Tilsette

Kontakt oss

Lesesal

Webarkiv

Arkiv lenker

Digitaliserte møtebøker





Nye arkivkatalogregistreringer på nett

Steinar i posten Herøy kommune 1920

Det er ei stund sida me la ut nye Astaregistreringar på nettsida vår grunna tekniske problem, men her kjem dei.

Molde kommune, tidligare Bolsøy kommune (Molde), Sula kommune/Solevåg skule, Sunndal kommune før 1960, Sør-Aukra kommune (Midsund kommune), Aukra kommune, Sandøy kommune, Skodje kommune, Surnadal kommune, Vestnes kommune, Fræna kommune, Herøy kommune, Eresfjord og Vistdal kommunar (Nesset), Smøla kommune, Kristiansund kommune og Ålesund kommune.

Me har også lagt ut privatarkiv som er registrert i databasen vår, men desse vil i nær framtid bli lagt ut på ein separat link på nettsida. Arkivseriar med lite registrerte arkivstykker er oftast under ordning.

Nokre ord om korleis informasjonen er organisert.
Registreringar er gjort på gamle og nye kommunenummer før og etter kommunesamanslutningane i 1964. Før kommunesamanslutninga i 1960 er til dømes Sunndal kommune registert med kommunenummer 15631, men etter 1960 (ikkje 1964) fekk den nye storkommunen kommunenummer 15630.

Ein stor del av registreringane handlar om saksarkiva etter formannskap og kommunestyre. Desse finn du på serienivå Da: Saksarkiv ordna på årstal og serie Db: Saksarkiv ordna etter arkivnøkkel. Einskilte seriar er registrert som saker på mappenivå.

Serien Da: Saksarkiv ordna på årstal er journaliserte skriv i kronologiske rekkjefylje. Her er det ytterår (frå - til) som er det overordna ordningsprinsippet. Denne ordningsmetoden var vanlig i kommunane til 1930-talet då arkivkodar vart nytta for å ordne saksarkiva.

Serien Db. Saksarkiv ordna etter arkivnøkkel. Den fyrste kommunale arkivnøkkelen hette Roalds kommunale arkivsystem (1935). No var det ikkje lenger årstalet, men arkivkoden som avgjorde rekkefølgen i ordningsarbeidet. Arkivkoden var ein kombinasjon av emnar i alfabetisk sortering med bokstavar. Tabellane på nettsida har difor ikkje den same kronologien med ytterår som er tilfelle med saksarkiv ordna på årstal.

Ulike arkivnøklar.
Roalds arkivsystem delte kommunestyret sine arkivsaker inn i hovudgrupper frå O til 49. Gruppene var ordna alfabetisk, noko som forenkla bruken. Til dømes 1.Arkiv med undergruppe 1 A: Veiledning og forskrifter. 1 B. Avleveringslister og så bortetter.
Roald sitt arkivsystem vart nytta ved landkommunane i heile Norge og mange stader gjekk det først ut av bruk i 1960-åra. Roalds vart avløyst av Norges Herredsforbund sin arkivnøkkel frå 1950-talet. Norges Herredsforbund (NHF) sin arkivnøkkel skulle omfatte alle kommunale etatar – store og små kommunar. Det nye arkivsystemet vart delt i klassar frå 0 til 9. Kvar av dei ti hovudklassane vart så delt i ti hovudgrupper som igjen kunne delast i ti undergrupper. NHF-nøkkelen var reint numerisk. I våre dagar nyttast K-Kodar utarbeidde av Kommunenes Sentralforbund.

Finn fram.
Gå inn på databasar på heimesida i venstre kolonne, trykk katalog over kommunale, fylkeskommunale og private arkiver.
Dei nye registreringane inneheld også private arkiv som er deponert hjå IKAMR. Privatarkiva omfattar fagforeiningar, lag og organisasjonar som ikkje er offentlege.

Informasjonssentralen IKAMR.
IKA Møre og Romsdal har pr. 20.11.2007 til no registrert om lag 1980 kommunale, fylkeskommunale og private arkivskaperar: Dette er ei auke på 330 arkivskaperar sia sist (november 2006). Veksten i talet på arkivskaparar og arkiv fører til at IKA Møre og Romsdal står fram som ein unik informasjonssentral i fylket. Arkiva kan tene ulike brukarinteresser som kommunale saksbehandlarar, rettigheitsdokumentasjon og å vere originalkjelde for lokalhistorisk forsking.

Rolf Braadland


        

        

        

        

Ålesundskontoret: Kirkegt.10, Pb 1073 Sentrum, 6001 Ålesund
70165180 | Fax: 70165181 | postmottak[at]ikamr[dot]no

webmaster[at]ikamr[dot]