Møre og Romsdal Arbeiderparti skriv historie
(04. november 2008 12:19:20)
Arbeiderpartiet sin fylkessekretær, Egil Ekhaugen, hadde kalla inn fire partiveteranar til møte på IKAMR sitt kontor 24. oktober for å drøfte skriving av historien til Arbeiderpartiet i Møre og Romsdal.
Bakgrunnen for å legge møtet til IKAMR var at det er her Arbeiderbvevegelsens arkiv i fylket er lokalisert. Ekhaugen og distriktssekretær Else May Botten i LO er i styret for dette arkivet. Veterangruppa er samansett av personar som sit inne med enormt mykje kunnskap om politisk historie generelt og om Arbeiderpartiet si historie i fylket spesielt. Dei skal difor gi råd når historien om Møre og Romsdal Arbeiderparti skal skrivast. Under møtet kom det fram mange interessante historier og særleg tankar om korleis ein skal fortelje Møre og Romsdal Arbeiderparti si historie. Sjølv om det første partilaget vart skipa i i Todalen i 1896 vart fylkespartiet formelt skipa først 25. november 1972. Partilag og einskildpersonar som måtte ha protokollar eller annan dokumentasjon frå arbeiderpartilag vert bedne om å ta kontakt med fylkessekretæren eller IKAMR slik at det kan bli tatt vare på for bruk i historieskrivinga.
|