Godkjenningsprosedyre for Noark 5 klar
(05. august 2009 12:46:44)
Noark 5 standarden er den arkivstandarden norsk forvaltning skal halde seg til ved nyutvikling av system som produserer arkivdokument.
Leverandørar som utvikler nye arkivsystem skal frå nå av oppfylle dei obligatoriske krava i Noark 5 standarden. Eit regime for test og godkjenning av Noark 5 system er utvikla.
Godkjenningstestane vil gjelde for både fagsystem og ordinære sakarkivsystem. Godkjenningsordninga gjeld både for eigenutvikla system og kommersielle system. Det er fokus på systema si evne til å produsere avleveringsuttrekk.
Eigenerklæringsskjema med vedlegg, samt prosessbeskriving for godkjenning finn du på riksarkivet sine sider her:
http://www.arkivverket.no/arkivverket/aktuelt/4079.html
|