Elevlister er offentlege dokument
(11. august 2009 11:06:17)
På bakgrunn av ei henvending frå Datatilsynet slår Politi- og justisdepartementet, fast at elevlister er offentlege dokument, omfatta av hovudregelen om innsynsrett etter offentleglova. Dette vert slått fast i brev 18. juni 2009.
Grunna reell risiko for at sensitiv informasjon kjem på avvege, oppmodar imidlertid datatilsynet at ein vuderer korvidt det er trong for slike elevlister.
Bakgrunnen for at Datatilsynet gjorde denne henvendinga til departementet er at fleire friskular har ynska å få hand om desse listene for å infomere om undervisningstilbodet sitt.
Les meir om dette på datatilsynet sine sider her.
|