Om IKA Depot Arkivdanning Personregister Eldre arkiv Privatarkiv Elektronisk arkiv  

> Om IKA / Nyhende / Avlevering av eldre kommunale arkiv 2009

 

Nyhende

Avtalebok

Medlemmar

Konferansar

Tilsette

Kontakt oss

Lesesal

Webarkiv

Arkiv lenker

Digitaliserte møtebøker





Avlevering av eldre kommunale arkiv 2009

Avlevering av eldre kommunale arkiv 2009

I 2009 opna IKAMR eit nytt depot, og vi utvida såleis depotkapasiteten med ytterlegare 3479 hyllemeter. Dette vil sei at vi til saman har ein magasinkapasitet på nærare 9000 hyllemeter.
29 kommunar inkludert Møre og Romsdal fylke har nå depotavtale hos oss.

IKAMR vil etterkvart ordne arkiva, og gjere dei enda betre tilgjengelig for publikum mellom anna ved å ta i bruk verktøy for digital tilgjengeleggjering på nett, gode arkivkatalogar og artiklar på heimesidene våre. Dette er arbeid som vi ser som svært viktig og som vi difor legg ned mykje arbeid i. Det viktigaste er likevel at materialet er trygt oppbevart.

Vi opplever nå ein litt spesiell situasjon sidan vi også må betjene materiale samstundes som vi ordnar det. Dette er sjølvsagt meir komplisert enn å formidle eit ferdigordna arkiv. Imidlertid har det gått overraskande bra, og vi har eit inntrykk av at både interne brukarar (kommunane) og eksterne brukarar er nøgde med den servicen dei får.

Dette inspirerer oss til å gjere ein endå betre innsats. Vi vil understreke at dette er ein situasjon vi ikkje hadde handtert så bra, dersom det ikkje hadde vore for det gode arbeidet som er blitt gjort i kommunane i forkant av avleveringane. Det er også fint for oss på IKA å oppleveforståing frå kommunane av kor tidkrevjande og utfordrande arbeid dette er.

Sjå bilete frå bygginga av det nye depotet og arbeidet med avlevering og ordning av eldre arkiv 2009:

Nytt depot, avlevering og ordning av eldre arkiv 2009


        

        

        

        

Ålesundskontoret: Kirkegt.10, Pb 1073 Sentrum, 6001 Ålesund
70165180 | Fax: 70165181 | postmottak[at]ikamr[dot]no

webmaster[at]ikamr[dot]