Kontaktkonferansen 2010 - Bilete og presentasjonar frå konferansen lagt ut!
Den 28 og 29 april arrangerte IKA Møre og Romsdal den årlege kontaktkonferansen på Radisson Blu hotell i Ålesund. Konferansen var den tiande i rekka, og det var godt oppmøte. I overkant av 100 deltakarar møtte. Vi i IKA Møre og Romsdal er også i år svært nøgde med at nesten alle kommunane i fylket var representert.
Vi håpar og trur at Kontaktkonferansen vert sett på som ein viktig møteplass for dei som arbeider med arkivrelaterte problemstillingar i kommunane og fylkeskommunen.
Med utgangspunkt i evalueringa, ser det ut til at dei fleste er godt nøgde med årets konferanse. Noko pirk vil det alltid vere, og det satsar vi på å få luka vekk til neste års konferanse. Vi i IKA Møre og Romsdal håper at deltakarane var fornøgd med det faglege innhaldet på konferansen.
Under finn du ei nettutstilling med bilete frå konferansen samt presentasjonar som vart nytta under foredraga
Nettutstilling Kontaktkonferansen 2010
Oppsummering Dialogkafeen 2010
Presentasjonar:
2-1 Forvaltningsrevisjon på arkivområdet, Larsen og Storstein 3-1 Offentlegheit og tilgjengeleggjering, Somdal-Aamodt 4-1 Oppreisingsordning i Kristiansind, Magerøy 4-2 Oppreisingsutvalet i Kristiansund og IKA, Fausa 4-3 Rettighetsdokumentasjon og eldre arkiv, Lunheim 4-4 Spørretime 5-1 Sikret sone sak arkiv, fagsystem og tilgangstyring, Eriksen 5-2 Intergrasjon Kristiansund Visma barnehage, Shrøder 5-3 Sikret sone Visma fagsystem, Myrene og Berg
|