Kommunearkivinstitusjonenes Digitale Ressurssenter etablert!
Onsdag 19. mai underteikna IKA Møre og Romsdal og fire andre kommunale arkivinstitusjonar stiftelsesdokumentet for Kommunearkivinstitusjonenes Digitale Ressurssenter (KDRS).
KDRS er som namnet målber, meint å vere eit ressurssenter for handtering av digitale arkiver i kommunal sektor. For IKA Møre og Romsdal skal det m.a fungere som eit sikringsmagasin for depotet i Ålesund. De som underteikna avtalen var IKA Møre og Romsdal, IKA Kongsberg, IKA Trøndelag, Aust-Agder Kulturhistoriske senter og IKA Finnmark. Totalt femner desse arkivinstitusjonane over 156 kommunar derav 6 fylkeskommunar. Selskapet er organisert som eit samvirkeforetak og styret består av leiar, Marit Elisabeth Larsen, rådmann i Gloppen kommune, Harald Danielsen, rådmann i Arendal kommune, Line Richardsen, IKT-rådgjevar KS-ikt og Børge Sundli, IT-revisor Trondheim kommune. Ein av dei første oppgåvene til styret er å få tilsatt ein dagleg leiar.
|