Om IKA Depot Arkivdanning Personregister Eldre arkiv Privatarkiv Elektronisk arkiv  

> Om IKA / Nyhende / Undervisninga stinka!

 

Nyhende

Avtalebok

Medlemmar

Konferansar

Tilsette

Kontakt oss

Lesesal

Webarkiv

Arkiv lenker

Digitaliserte møtebøker





Undervisninga stinka!

Undervisninga stinka!

Dagens samfunn stiller høge krav til undervisningslokale. I dag meinar ein at eit godt inneklima og god boltreplass er viktige føresetnadar for god helse og læringsmiljø.

Dei høge krava fører til at ein står framfor ei rekke utfordringar. For det fyrste blir det investert mykje pengar for å betre inneklimaet på skulane rundt omkring i landet. Det andre problemet er plassmangel, som ein i dag løyser ved å sette opp provisoriske brakker som skal gjere nytten som klasserom.

I 1975 mangla Stranda ungdomsskule undervisningslokale til valfaga ved skulen. Løysinga dei kom fram til i Stranda kommune er original:

”Det er frå skulestyraren ved Stranda ungdomsskule kome munntleg søknad om å få nytte gjødselkjellaren i Ringstadløa til undervisning i valfag (bil og båt). Skulesjefen ser positivt på saka. (…) Dette skulle ikkje vere noko til hinder meinar han, når dei berre har eit areal midt på golvet til undervisninga”.

Formannskapet behandla saka i juni 1975, og sjølv om dei er inne på at det er visse føreskrifter som må fylgjast når det gjaldt slike undervisningslokale, fatta dei vedtak om at dei hadde:”(…) ingen merknad til at ungdomsskulen mellombels får nytte lokalet til undervisning i valfag”.

Så får vi håpe at lukta ikkje var for sterk, og at ingen vart sjuke.


        

        

        

        

Ålesundskontoret: Kirkegt.10, Pb 1073 Sentrum, 6001 Ålesund
70165180 | Fax: 70165181 | postmottak[at]ikamr[dot]no

webmaster[at]ikamr[dot]