Hjelp til Ålesund i 1904
(17. januar 2011 13:41:53)
Bergen Byarkiv sit med interessant materiale for sunnmøringen og først og fremst ålesundaren. Eit av arkiva dei har i samlinga si er arkivet etter Ålesundskomiteen. Fire dagar etter at Ålesund brann oppretta Bergen formannskap ein komite, Ålesundskomiteen, som hadde som formål å foreta utbetaling og ellers bidra med hjelp til dei som hadde blitt ramma av brannen. I arkivet til denne komiteen kan ein følgje hjelpearbeidet dag for dag. Våre kollegaer i Bergen Byarkiv har peikt ut eit dokument frå dette arkivet som månadens dokument i januar.
Les meir om dokumentet og arkivet på Bergen Byarkiv sine heimesider her. Forfatter av artikkelen er den utflytta ålesundaren Karin Gjelsten.
|