Riksarkivet kartlegg arkivstoda i kommunane, men det er ikkje første gong...
(26. januar 2011 10:03:14)
Riksrevisjonen påpeikte hausten 2010 store manglar i sin forvaltningsrevisjon på arkivområdet i offentleg sektor. Med bakgrunn i dette har Riksarkivet satt igang eit kartleggingsarbeid. Dette har ført til at samtlege kommunar fekk frist til 10. januar å svare på eit kartleggingsskjema frå Riksarkivet vedkommande arkivsituasjonen i kommunen. Dette er imidlertid ikkje første gongen Riksarkivet gjennomfører ei slik kartlegging.
Dette vart også gjort i 1929. Brevet frå borgermesteren i Ålesund kommune med tilhøyrande skjema for utfylling såg slik ut:
kartlegging1929
|