Registrering av Fræna sitt saksarkiv i ASTA
(18. februar 2011 11:36:10)
Kvar femte uke får IKA Møre og Romsdal besøk av Kristian Hove. Til dagleg studerar han arkivfag på høgskulen i Oslo.
Denne veka har Kristian Hove fått innføring i korleis ein jobbar med å registrere saksarkiv i ASTA (Arkivsystem for alle). Ingunn Vestnes (ASTA-ekspert) har gjort ein framifrå jobb som rettleiar.
Kristian Hove har den siste veka arbeidd med å registrere saksarkivet til Fræna frå 1994 og fram til 2000. Å registrere eit saksarkiv på mappenivå slik at mappene blir søkbare er eit omfattande og tidkrevande arbeid. Etterkvart vil likevel saksarkivet bli søkbart i våre databasar på internett. Vi gler oss til at Kristian kjem tilbake til oss om fem veker!
|