Jentene på IKAMR deltok på jentebølga i Ålesund
Heile 2216 jenter satt sitt preg på gatene i sentrum av Ålesund torsdag 9.juni 2011. Av desse stilte to jenter frå IKA Møre og Romsdal.
Værgudane serverte skikkeleg Ålesundsvær, men Vibeke og Bente trossa regn, og stilte til start på torget klokka 19.00.
Det blei ein flott kveld med ein fin joggetur og mange smil. Vi såg representantar frå mange av våre medlemskommunar, og oppfordrar alle til å hive seg med på jentebølga neste år.
Vi sjåast!!
|