Om IKA Depot Arkivdanning Personregister Eldre arkiv Privatarkiv Elektronisk arkiv  

> Om IKA / Nyhende / Digitalisering av møtebøker

 

Nyhende

Avtalebok

Medlemmar

Konferansar

Tilsette

Kontakt oss

Lesesal

Webarkiv

Arkiv lenker

Digitaliserte møtebøker





Digitalisering av møtebøker

Vibeke med DVD til Gjemnes kommune

IKA Møre og Romsdal har i samarbeid med SEDAK (Senter for digitalisering av kulturarven) ein ambisjon om å få samtlege møtebøker for kommunestyra i 1914 digitalisert og tilgjengeleggjort på internett. På den tida eksisterte det 63 kommunar i fylket vårt. Til nå er 56 protokollar digitalisert.

47 av desse protokollane er digitalisert av SEDAK på oppdrag frå IKA og sendt på DVD til kommunane. På bilete ser vi Vibeke halde opp DVDen til Gjemnes kommune. 8 protokollar er allereie digitalisert gjennom eit prosjektsamarbeid med Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. 4 protokollar skal digitaliserast ved Skansen digitaliseringssenter på Tustna og yttarlegare 4 protokollar gjenstår til digitalisering hjå SEDAK. Årsaka til at IKA har valt å digitalisere desse møtebøkene er fleire, men viktigast er:
1. Å få vist for kommunane korleis ein digitalisert kommunestyreprotokoll ser ut i håp om at dei vil ta kostnadene ved å digitalisere dei øvrige møteprotokollane til kommunestyret.
2. Å få presentert innhaldet i desse protokollane. 1914 er valt m.a av den grunn at det då var 100 år sidan vi fekk grunnlova. Om to er det 200 års jubileum. Vi tenker det kan vere interessant å sjå i protokollane korleis dette vart markert for 100 år sidan.

Forhåpentlegvis vil kommunane ta kostnadene ved å digitalisere dei øvrige protokollane slik at samtlege vedtak i kommunen vert digitalisert og tilgjengeleggjort for ålmenta i tråd med gjeldande regelverk. SEDAK-senteret er førebels eit to-årig prosjekt lagt til Fylkesbiblioteket i M&R og samlokalisert med IKA. Meininga er at dette skal bli ei permanent ordning. Leiar for SEDAK-prosjektet er Ragnar Albertsen.


        

        

        

        

Ålesundskontoret: Kirkegt.10, Pb 1073 Sentrum, 6001 Ålesund
70165180 | Fax: 70165181 | postmottak[at]ikamr[dot]no

webmaster[at]ikamr[dot]