Stor aktivitet på lesesalen
Sjølv om det er sommar er det stor aktivitet på lesesalen vår. I går hadde vi besøk av fire damer, som var interessert i å kikke i det eldre arkivet til Rauma og Ålesund kommune. Ein mann var også interessert i arkiv som kunne fortelje om meieriet på Vigra.
Lesesalen til IKA Møre og Romsdal er open kvardagar frå klokka 09.00-15.00. Alle kan kome hit for å gjera eigne undersøkingar, enten dette gjeld spørsmål om slekt, eigedom, lokalhistorie elles, juridiske rettar eller andre spesielle forskingstema. For å oppnå mest mogeleg sørvis og tilrettelegging ynskjer vi at du tar kontakt med oss på førehand og fortel oss kva du ynskjer å finne svar på i arkivmaterialet.
På lesesalen vil du få rettleiing. Mellom anna kan du få rettleiing i korleis du skal finne fram i arkivkatalogen og råd om kva slags arkivmateriale du trenger for å få svar på dine spørsmål. Dersom du har problem med å tyde skrifta vil vi forsøke å hjelpe deg.
Det meste av arkivmaterialet er fritt tilgjengelig for alle. Nokre arkivseriar inneheld derimot opplysningar som er underlagte teieplikt, og er difor klausulerte. Personar som er part i sak har etter forvaltningslova rett til innsyn i opplysningar om seg sjølve, og vil kunne få tilgang ved søknad om dette.
Velkomen til IKA Møre og Romsdal.
|