Arkivlova og helsepersonellova - ansvaret for pasientjournaler
Det har i ein periode vore usemje om ein kommunelege har høve til å ta med seg pasientjournalane over i privat praksis. Helse- og Sosialdepartementet sende difor eit brev i september 2008 til Justisdepartementet for å få ei avklaring på dette. Nå er svaret kome.
I brevet frå Justis - og politidepartementet vert det m.a vist til at Arkivlova § 9 slår fast at offentlege arkiv ikkje kan avhendast. Ein kommunalt tilsett lege kan m.a.o ikkje ta med seg pasientjournalar vedkommande har ført over i privat praksis. I såfall må det klarerast av Riksarkivaren.
I Pasientjournalforskrifta § 15 står det imidlertid at ein pasient ved skifte av fastlege, kan kreve at pasientjournalen overførast til den nye fastlegen. Justis- og politidepartementet slår difor fast at kommunen pliktar å stille ein kopi av pasientjournalen til disposisjon i slike tilfelle.
Dersom kommunen avslutter sin legeaktivitet kan verksemda si leiing avgjere at pasientjournalane skal overførast til anna verksemd dersom ikkje pasienten motset seg det. Kommunen og ein allmenpraktiserande lege i kommunen skal då kunne avtale at vedkommande lege får kopi av journalane.
Brevet frå departementet avsluttar med å gjenta at § 9 i Arkivlova i utgangspunktet utelukker at pasientjournalar vert overført på ein slik måte at dei ikkje lenger finst i kommunen sitt arkiv.
Departementets konklusjon er i tråd med både Riksarkivet og IKA Møre og Romsdal sitt syn.
Heile brevet frå Justis- og politidepartementet kan du lese her
Brev frå Riksarkivet til dei kommunale arkivinstitusjonane kan du lese her
|