Om IKA Depot Arkivdanning Personregister Eldre arkiv Privatarkiv Elektronisk arkiv  

> Om IKA / Nyhende / Krav til lim og klebestoff til etikettar.

 

Nyhende

Avtalebok

Medlemmar

Konferansar

Tilsette

Kontakt oss

Lesesal

Webarkiv

Arkiv lenker

Digitaliserte møtebøker





Krav til lim og klebestoff til etikettar.

Eksempel på bruk av feil limtype på etikettar.

Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal (IKA) får stadig forespurnader vedrørande lim til etikettar ved ordning av personregistermateriale. Problema med å finne fram til egna lim og få festa etikettar på ein tilfredsstillande måte er av praktisk art. Det må være ein lim som sit godt, og ikkje løsnar etter nokre år. Samstundes skal den ikkje avgi giftige avgassar som påverker klimaet i magasina.

Ved tidligare forespurnader har vi anbefalt ein type lim. Det var same lim som Riksarkivet hadde godkjent og som dei anbefalte på sine heimesider. Riksarkivet har nå gått bort ifrå å nevne spesifikke limar og har i staden utarbeida ei veiledning som stiller krav til sjølve limen. I denne veiledninga står det vedrørande krav til etikettar på arkivøskjer:

” På øskjer og bind som ikkje har nokre verde utover det å beskytte bokblokka, kan fleire typar klebestoff benyttast, for eksempel gummierte, stivelses-, akryl-, cellulose- eller vinylbaserte. Det er viktig at klebestoffa ikkje avgir skadelege substansar til bokblokka eller sure gassar som påverker klimaet i magasina.”

Dette åpna for at brukarane kan kjøpe lim frå fleire leverandørar så lenge dei tilfredssteller ovenfor nevnte krav.

Vidare i veiledninga finn du krav til lim på etikettar til protokollar og bøker.

IKA vil utarbeide ein meir detaljert veiledning vedrørande lim, og påføring av lim, til etikettar. Denne vil bli lagt ut på våre heimesider i løpet av hausten.

Heile veiledinga frå Riksarkivet om krav til lim og klebestoff til etikettar finn du her.


        

        

        

        

Ålesundskontoret: Kirkegt.10, Pb 1073 Sentrum, 6001 Ålesund
70165180 | Fax: 70165181 | postmottak[at]ikamr[dot]no

webmaster[at]ikamr[dot]