Tilsetjingskontrakter - papirunderskrift eller ikkje?
(25. august 2011 14:20:04)
På førespurnad frå Ålesund kommune har IKA Møre og Romsdal undersøkt krava til oppbevaring av original papirunderskrift på tilsetjingskontrakter. Bakgrunnen for førespurnaden var at KS advokatane sterkt tilrådde at desse vart tekne vare på i papirform. IKA tok kontakt med Riksarkivet og dei har nå svart. Deira svar ligg tett opp til KS advokatane si tilråding. Dei meiner kommunane bør gjere sjøvstendige vurderingar av alle dokumenttypar når det kjem til i kva grad dei skal takast vare på i papirbasert eller elektronisk form.
Riksarkivet tek sjølv vare på den papirbaserte tilsetjingskontrakta i 3 år etter at tilsetjingstilhøvet har opphøyrt. Viktig å presisere at dei beheld den elektroniske versjonen også etter at dei 3 åra har passert.
Du kan lese Riksarkivet sitt svar til IKA Møre og Romsdal her
|