Om IKA Depot Arkivdanning Personregister Eldre arkiv Privatarkiv Elektronisk arkiv  

> Om IKA / Nyhende / Besøk frå Sverige

 

Nyhende

Avtalebok

Medlemmar

Konferansar

Tilsette

Kontakt oss

Lesesal

Webarkiv

Arkiv lenker

Digitaliserte møtebøker





Besøk frå Sverige

T.V. Maria Fausa Breyholtz (IKA), Vibeke Solbakken Lunheim (IKA), Lisbeth Forslund (biblioteksjef Gävle), Eva Lindelöw Sjöö (byarkivet i Gävle) og Mariann Scheide (biblioteksjef i Ålesund)

I dag har Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal (IKA) hatt besøk frå byarkivet i Gävle, Sverige. Eva Lindelöw Sjöö frå byarkivet og Lisbeth Forslund frå det kommunale biblioteket (underlagt byarkivet). Maria Fausa Breyholtz og Vibeke Lunheim hjå IKA gav dei to damene ein rundtur i lokala våre.

Gävle byarkiv oppbevarar først og fremst arkiv frå kommunale verksemder. Dei har også fleire statlege og private arkiv. Arkivet kan daterast tilbake til byrjinga av 1800-talet og fram til notida.

Vi som arbeidar ved IKA synes det var svært spennande å kunne vise dei to damene frå Sverige rundt i våre lokaler og ikkje minst utveksle erfaringar. Mellom anna blei det diskutert aktuelle felles utfordringar som plukkassasjon og fordelane med eit felles arkivsystem (ASTA).

Eva Lindelöw Sjöö og Lisbeth Forslund kunne fortelje at dei oppbevarte nærare 6000 hyllemeter med arkiv fordelt på ni kommunar. Til samanlikning har IKA Møre og Romsdal nærare 10 000 hyllemeter fordelt på 36 kommunar og Møre og Romsdal fylkeskommune.

Ønskjer du å lese meir om byarkivet i Gävle kan du vitje heimesida deira her.

På bildet frå venstre: Maria Fausa Breyholtz, Vibeke Solbakken Lunheim, Lisbeth Forslund (biblioteksjef Gävle), Eva Lindelöw Sjöö (byarkivet i Gävle) og Mariann Scheide (biblioteksjef i Ålesund)


        

        

        

        

Ålesundskontoret: Kirkegt.10, Pb 1073 Sentrum, 6001 Ålesund
70165180 | Fax: 70165181 | postmottak[at]ikamr[dot]no

webmaster[at]ikamr[dot]