Kommunalt sjølvstyre og John Neergaard
(02. september 2011 14:29:33)
Rindalingen/Gjemnesingen/Surnadalingen John Neergaard stod i spissen når formannskapslovene vart vedtatt i Stortinget i 1837. Han skreiv også skriftet Olaboka som først kom i 1830 og sist vart opptrykt av Rindal kommune i 2011.
Kommunestyrevalet 12. september kan seiast å ha sin bakgrunn i vårt fylke, hos bonden og lensmannen John Neergard. Sjå artikkel i avisa Driva: Ola-boka i ny utgåve
Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal har mange av dei eldste protokollane frå kommunane, også nedlagde kommunar. Alle tilgjengelege protokollar frå rundt 1914 er digitalisert og levert kommunane slik at dei er tilgjengelege for dei som vil sjå kva kommunestyra stelte med 100 år etter Grunnlova.
|