Om IKA Depot Arkivdanning Personregister Eldre arkiv Privatarkiv Elektronisk arkiv  

> Om IKA / Nyhende / Formannskapslovene 175 år

 

Nyhende

Avtalebok

Medlemmar

Konferansar

Tilsette

Kontakt oss

Lesesal

Webarkiv

Arkiv lenker

Digitaliserte møtebøker





Formannskapslovene 175 år

Møtebok for Stranda formannskap 1838-1868

Den 14. januar 2012 er det 175 år sidan formannskapslovene blei vedtatt. Dette la grunnlaget for ei eineståande utvikling av velferd og lokalt sjølvstyre.

Formannskapslovene består av to lover; ei for by og ei for bygd. Det var ”Lov om Formandskaber paa Landet samt om Bestyrelsen av Districternes almindelige Commune-Anliggender” og en tilsvarande for ”Kiøbstæderne”. Loven for landdistrikta inneheld også reglar om amtskommunen, det vil seie dagens fylkeskommunar.

Formannskapslovene delte landet inn i formannskapsdistrikt, kommunar, som blei styrt av valte organ. Desse folkevalte forsamlingane fekk mellom anna bestemme over lokale saker både i byane og på landsbygda.

Dei eldste formannskapsprotokollane vi har i magasinet vårt skriv seg frå 1837 og 1838. Molde kommune var ein av dei kommunane som var tidleg ute med å halde formannskapsmøte. Det første møtet blei halde så tidleg som 1.mai 1837, berre fire månader etter at lova var vedtatt.

Sjølve protokollen er i folioformat, som er noko større enn dagens A4 format. I tillegg er protokollen ført i gotisk handskrift, i motsetning til i vår tid, kor det utelukkande brukast trykte bokstaver.

Den fyrste setninga i protokollen er: ”Aar 1837 den 1.ste Mai Klokken 9 Formiddag samledes Molde Byes Formænd i kjøpmand Dahls Huus for imellem sig at væge en Ordfører og en Viceordfører”. Tollkasserar Brinchmann vart valt til ordførar med 3 stemmer og kjøpmand Dahl til varaordførar med 3 stemmer. Vidare får vi kjennskap til at møta skal ”afholdes i Ordførerens Bopæl førstkommende Løverdag Klokken 3 Eftermiddag og siden hver fjortende Dag til samme Tid og Sted.” Møtet var kort, og det blei ikkje behandla fleire saka det møtet.

Inne i Storfjorden ligg Stranda kommune, som også dekte det som i dag er Stordal kommune. Det første heradsstyrevalet den 26. juni 1837 valde 8 mann frå Stordal og 12 menn frå Stranda. Det fyrste formannskapsmøte byrjar med å vise til loven frå 14.januar 1837. Laurdag 24. februar 1838 var det ”Møde paa Slyngstad i Andreas Olsens Huus”. Alle representantane kunne ikkje møte på den historiske hendinga. Vi kan lese at Ole Pedersen Opsaug frå Stranda var fråverande. Nicolai Engeseth vart valt til ordførar, trass i at han ikkje var særleg skrivefør. Den første formannskapsprotokollen til Stranda er difor ført av ein ung lærar, Severin Knutson Overvoll.

Kommunane har hatt ein formidabel vekst sidan 1837. På 1800-talet besto oppgåvene stort sett av skulevesen, fattigvesen og vegsaker. I første halvdel av 1900-talet involverte kommunane seg mellom anna i samferdsleselskap, kraftutbygging, landbruk, sosiale oppgåver og forsyningsoppgåver. Etter andre verdskrigen var kommunane opptatt av gjenreising, regulering og bustadbygging. I dei seinare åra har kommunane gått føre på kulturfeltet, i næringsutvikling, fritids- og integreringstilbod.
Tilgongen til dei kommunale møta har også endra seg mykje dei siste 175-åra. Både samfunnsutviklinga generelt og den tekniske utviklinga har satt preg på dagens kommunar. Som vi kan sjå av utdraga frå protokollane ovanfor kunne kommunestyremøta bli haldne i privatpersonars hus på midten av 1800-tallet. I dag er situasjonen ein anna. Den teknologiske utviklinga har ført til at det er lett å tilegne seg offentlege dokument. Til dømes legg Molde kommune ut både innkallinga, saksframlegga og protokollen i pdf-format på sine heimesider.

Stranda kommune har tatt steget enda eit skritt lenger. På deira heimesider kan publikumi tillegg følgje møta direkte på web-tv. Har du ikkje tid til å sjå møtet direkte, eller kan hende du vil sjå det i reprise er det ikkje noko problem. Då kan du bare velje deg eit opptak i web-tv arkivet!

Møtebøkene til både kommunestyra og formannskapa er svært interessant materiale for historieinteresserte. Mangfaldet er stort, og det er store forskjellar mellom dei einskilde kommunane. IKA Møre og Romsdal er i gong med å digitalisere møtebøkene til kommunane, og desse vil bli tilgjengelig for alle å kikke i på internett om ikkje altfor lenge. Alle er velkomne til å bla i protokollane på lesesalen vår, som er open måndag til fredag frå klokka 09.00-15.00.


        

        

        

        

Ålesundskontoret: Kirkegt.10, Pb 1073 Sentrum, 6001 Ålesund
70165180 | Fax: 70165181 | postmottak[at]ikamr[dot]no

webmaster[at]ikamr[dot]