Skada arkiv frå Norddal kommune
(11. april 2012 10:58:04)
Fredag før påske reiste Arnt Ola Fidjestøl og Vibeke Solbakken Lunheim til Norddal for å bistå med grovordning og nedpakking av arkiv som skulle til Polygon til reinsing.
Materialet som pr. dato står plassert i kjellaren på det gamle rådhuset, er av kommunale proveniens og inneheld dokumentasjon av svært høg kulturhistorisk og rettsleg verdi. Materialet femner om fleire kommunale arkivskaparar som t.d overformynderiet, jordstyret, kommunekassa, edruskapsnemnda, barnetrygda og ordføraren. Ytteråra på arkivseriane såg ut til å vere tidleg 1800-talet fram til 1970-talet.
Tilstanden på arkivet i kjellaren var svært ujamn. Noko av materialet var i god forfatning, noko stod i fare for å bli øydelagt av fukt og sopp, og noko var allereie øydelagt.
Mykje av materialet var plassert i søppelsekker og ein vil ikkje få eit fullstendig oversyn over materialet før vi får det inn i hyllene her på IKAMR.
Redningsaksjonen vil bli nærere presentert på kontaktkonferansen i Molde.
|