Om IKA Depot Arkivdanning Personregister Eldre arkiv Privatarkiv Elektronisk arkiv  

> Om IKA / Nyhende / Rosene som aldri døyr

 

Nyhende

Avtalebok

Medlemmar

Konferansar

Tilsette

Kontakt oss

Lesesal

Webarkiv

Arkiv lenker

Digitaliserte møtebøker





Rosene som aldri døyr

Rosene som aldri døyr

Du huskar heilt sikkert kva du gjorde, kva du tenkte og kor du var 22.juli i fjor.

Mykje har skjedd på eitt år. Månedane som har gått har gitt ein form for distanse og setter hendingane i perspektiv. Gradvis trer 22.juli og dagane som gikk inn i ei historisk ramme.

”Om en mann kan vise så mye hat, tenk hvor mye kjærlighet vi alle kan vise sammen”

Berre timar etter at terroren råka Norge forfatta Helle Gannestad frå Sunndal kommune sitatet, som har blitt ståande som eit symbol på korleis nordmenn reagerte i dagane etter 22.juli 2011.

Samhaldet, rosehava, teikningane, minneorda som blei skreve, følelsane som blei forsøkt satt ord på og songen som runga gjennom gatene i alle norske kommunar er noko vi alltid vil forbinde med 22.juli 2011.

Etter tragedien tok Riksarkivet initiativet til å samle inn og bevare alle skriftlege helsingar, teikningar og kondolansar som blei lagt ut ved kyrkjer, minnesmerke og andre offentlege plasser.

IKAMR har tatt imot materiale frå 20 kommunar, samt minnehelsinger frå Møre bispedømeråd i Molde (Den Norske Kyrkja). Det avleverte materialet inneheld kondolanseprotokollar, minnehelsingar, teikningar, sløyfer, plastblomstar, bamsar og mykje meir.

Nedanfor kan du sjå et utval av helsingar og teikningar. Kommunane som er representert i denne utstillinga er Molde, Ålesund, Nesset, Aukra, Stordal og Aure. Helsingane er forfatta på fleire språk, og det fins mange fine teikningar blant helsingane. Av omsyn til pårørande og for å ivareta personvernet, vil det i utvalet som er publisert ikkje finnes motiv av offer eller tekster med innhald til eit spesielt offer.

Minnemateriale video

Minnemateriale bildemontasje

Digitaliseringa av minnematerialet er utført av Ragnar Albertsen ved SEDAK-senteret.


        

        

        

        

Ålesundskontoret: Kirkegt.10, Pb 1073 Sentrum, 6001 Ålesund
70165180 | Fax: 70165181 | postmottak[at]ikamr[dot]no

webmaster[at]ikamr[dot]