Overformynderiet omorganiserast- Kva gjer vi med arkiva?
(05. oktober 2012 14:45:38)
I samband med verjemålsreforma går overformynderiet frå å vere ei kommunal oppgåve, til å bli ei statleg oppgåve. Dette skjer 1.juli 2013.
Det tyder at dei kommunale overformynderiarkiva straks skal avsluttast og avleverast til depot ihht. Arkivforskrifta §5-3.
IKA ynskjer å bistå kommunane i arbeidet med å avslutte og avlevere arkivet etter de kommunale overformynderia. I første omgang vil vi derfor sende ut eit brev til kommunane, kor vi ber dei om å gje oss eit mest mogeleg presist oversyn over kva arkivseriar overformynderiet sit med. Deretter vil vi lage ein instruks på korleis ordningsarbeidet skal utførast av kommunen.
I tillegg vil tilsette frå IKA vere tilstade på dei fire regionale informasjonsmøta til Fylkesmannen denne månaden. To av desse møta er gjennomført, og det møtet er en 16.oktober i Kristiansund. Det siste møtet er i Molde den 19. oktober.
Du kan finne meir informasjon om verjemålsreforma på heimesidene til Fylkesmannen: http://www.fylkesmannen.no/enkel.aspx?m=69565
|