Ordførararen leverer arkiv!
(05. november 2012 19:38:45)
5. november kom den første avleveringa til vårt nye magasin i Kirkegt. Det nye magasinet rommar i overkant av 6000 hm, og Gjemnes kommune vart den første kommunen til å avlevere, og nå står kommunane i kø. Tingvoll, Rauma, Ålesund, Haram og Ørsta er neste kommunar ut.
Men først var altså Gjemnes kommune. Arkivleiaren, Liv Holten, hadde fått med seg ingen ringare enn ordføraren, Odd Steinar Bjerkeset, som sjåfør og sjauar i samband med avleveringa. I forkant ei smørblid og nøgd Vibeke frå IKA Møre og Romsdal.
|