Avlevering frå Tingvoll kommune
(14. november 2012 10:34:48)
13 november, tok vi imot ei ny avlevering av arkiv til vårt nye magasin. Denne gongen var det Tingvoll kommune som stod for tur. Arkivleiaren i Tingvoll kommune, Greta Bårdsen, har organisert ein stor og omfattande ordnings- og registreringsjobb. I går fekk vi på IKAMR sjå resultatet av arbeidet. Nærare 300 boksar blei satt opp i vårt depot.
Magne Vassli, som arbeider i kommunen, har ordna og registrert alt saksarkiv som er skapt av formannskapet/ sentraladministrasjonen i perioden frå 1969-2002. Dermed er avleveringa komplett, sidan kommunen i januar ifjor leverte i frå tida tida 2000-2005. Saksarkivet femner dermed om tidsrommet 1969 til 2005, og er dermed den klart mest omfangsrike avleveringa hos IKAMR til nå. I tillegg til dette arkivet har Magne Vassli ordna og listeført arkiv etter skulekontoret og vaksenopplæringa i Tingvoll. Dette vart også avlevert.
På bildet ser vi tre glade menn. Bakerst er Tingvoll kommune sin representant, Magne Vassli, foran han dagleg leiar hos IKAMR Arnt Ola Fidjestøl og fremst står arkivmedarbeidar Kristian Hove.
|