Haram kommune avleverer arkiv
(05. desember 2012 13:41:37)
Kommunane står i kø for å avlevere arkiv til IKA Møre og Romsdal sine arkiv i Ålesund. 4. desember var det Haram kommune sin tur. Alt det eldre arkivmaterialet som har stått plassert på Vatne, er nå avlevert til IKA sitt nye magasin i Kirkegt. 40.
Rundt 80 flyttekassar med gamle protokollar og korrespondanse heilt attende til tidleg 1800-talet var noko av det som vart levert.
På biletet ser vi Oddny Krogsæter Løvik, arkivleiar i Haram kommune i ferd med å køyre inn dei siste kassane. Ho er godt nøgd med at det nå står sikkert plassert i IKA sine lokaler.
|