Om IKA Depot Arkivdanning Personregister Eldre arkiv Privatarkiv Elektronisk arkiv  

> Elektronisk arkiv / Nasjonalt samarbeid bevaring av elektroniske arkiv

 

Elektronisk depot

Hvordan avlevere?

Datasett i depot

Metadata standarder

Aktuelle lenker





Nasjonalt samarbeid bevaring av elektroniske arkiv

Alle arkivinstitusjonar, ABMU og Riksarkivet blir i desse dagar inviterte til å delta i eit nasjonalt prosjekt om bevaring av elektroniske arkiv. Prosjektet er tildelt midlar frå ABMU, som skal finanisere prosjektet eit år fram i tid.

Kvifor samarbeide om elektroniske arkiv?

Utgangspunktet for samarbeidet er at kommunane og fylkeskommunane som offentlege organ er underlagt eit felles reglement om avlevering av elektronisk informasjon. Det er dokumentert at det på dei største fagområda i kommunane stort sett er ei avgrensa gruppe av system i bruk. Det betyr at når bevaringsverdig materiale frå eit system er handtert av ein institusjon for ein kommune, er det svært mykje enklare å gjere dette arbeidet for neste institusjon eller kommune som må handtere det same systemet. Det avhenger imidlertid av at det vert etablert samarbeid og løysingar for overføring av kunnskap og erfaring. Dette er eit av primærmåla med prosjektet.

Kommunearkivinstitusjonane står i dag ulikt rusta til å handtere avleveringar av elektronisk arkivmateriale, både når det gjeld kompetanse og utstyr. Nokre av institusjonane er tilført kompetanse og arbeider med dette dagleg som depot for kommunane, andre er i ferd med å etablere slike tenester og andre igjen har ikkje arbeidd med dette området i det heile. Samtidig er utviklinga i kommunane at meir og meir av informasjonen kun vert handtert elektronisk. Det andre hovedmålet med prosjektet er difor å bruke dei ressursane som arbeider med dette til dagleg, som drahjelp i oppstarten for dei institusjonane som ikkje har kome igang.


        

        

        

        

Ålesundskontoret: Kirkegt.10, Pb 1073 Sentrum, 6001 Ålesund
70165180 | Fax: 70165181 | postmottak[at]ikamr[dot]no

webmaster[at]ikamr[dot]