Om IKA Depot Arkivdanning Personregister Eldre arkiv Privatarkiv Elektronisk arkiv  

> Om IKA / Webarkiv

 

Nyhende

Avtalebok

Medlemmar

Konferansar

Tilsette

Kontakt oss

Lesesal

Webarkiv

Arkiv lenker

Digitaliserte møtebøker





Webarkiv

Ledig stilling som IT-rådgjevar

Det er ledig fast 100 % stilling som IT-rådgjevar ved IKA Møre og Romsdal IKS. Stillinga er i hovudsak tillagt arbeid med elektroniske arkivsystem.

Les meir...

Ledig stilling som Prosjektkoordinator - Privatarkiv

Det er ledig 2 års engasjement som prosjektkoordinator for privatarkivteneste.

Stillinga inneber arbeid med problemstillingar knytta til oppbevaring og formidling av privatarkiv (dvs. arkiv etter bedrifter, lag og organisasjonar, privatpersonar m.m).

Les meir...

Innhenting av eldre arkivmateriale i Surnadal.

Den 22.06.06 var Arnt Ola og Maria i Surnadal for å hente eldre arkivmateriale.
Vi måtte hente i to omgonger då det var heile 100 hyllemeter som skulle bli avlevert.
Og som dykk kan sjå ,fekk vi mykje god bærehjelp.

Les meir...

Ordningsarbeidet for Herøy kommune.

12 Juni 2006 avleverte Herøy kommune eldre arkivmateriale til IKA Møre og Romsdal sine depot.
Det hender at deler av innkomen arkivmateriale har fått vassskadar kor mugg og sopp kan øydelegge viktig historisk materiale, og også være allergiframkallande og skadelig for mennesket. Rolf bruker difor maske for å beskytte seg mot muggsoppen og det "fine" støvet som er på noko av materialet.

Les meir...

Ordningsarbeidet i IKA

Det vert stadig ordna og katalogisert nye arkiv ved IKA Møre og Romsdal.

Les meir...

Foiler fra kontaktkonferansen 2006

IKA er svært godt fornøyd med årets konferanse. Vi har fått gode tilbakemeldinger fra deltakerene, og er svært fornøyd med oppmøtet til konferansen. Vi vil bruke tid på å gå igjennom deltakerenes evalueringer.

Årets program er her: Årets program finn du her
Foredragsfoiler fra konferansen kan lastes ned her.

Les meir...

Stadnamnarkivet for Møre og Romsdal flytta til IKA

Stadnamnarkivet vart 21. nov. 2005 flytta frå Høgskulen i Volda til Interkommunalt Arkiv for Møre og Romsdal, Ålesund.

Les meir...

Aviskronikkar om arkivkjelder

I samband med at arkivinstitusjonar over heile Norden markerte Arkivenes Dag andre laurdagen i november, hadde IKA Møre og Romsdal aviskronikkar på tykk i fleire aviser.

Les meir...

Databasen med arkivkatalogar er oppdatert

IKA driv kontinuerleg med ordning og registrering av eldre, kommunale arkiv, og databasen med søkbare arkivkatalogar på heimesida til IKA er no oppdatert.
Nytt er at ein no har fått tilgang til eit fritekstsøk i databasen, samt at ein kan søke i bystyresaker frå Kristiansund frå 1946 og frametter.

Les meir...

IKA Møre og Romsdal skipar til privatarkivteneste.

Dei fleste kommunane i fylket har no svara positivt på at dei ønskjer at IKA skal skipe til ein privatarkivteneste for Møre og Romsdal. Også dei fire ikkje-medlemkommunane Ålesund, Molde, Fræna og Eide vil slutte seg til. Elles står fylket og ABM-utvikling for finansieringa av tenesta.
IKA ser no fram til å kunne arbeide med arkiv etter lag og foreningar, verksemder og privatpersonar. Ein vil også samarbeide nært med museum, folkebibliotek og historielagsrørsla i fylket.

Les meir...

Arbeidarbevegelsens Arkiv for Møre og Romsdal flytta over til IKA sine arkivmagasin.

På 1980-talet byrja ein samle inn arkivtilfang frå lag og organisasjonar knytte til arbeidarrørsla i Møre og Romsdal. Arkivmaterialet vart i første omgang lagra i kjellaren på Fylkesbiblioteket, men er no flytta over til arkivmagasina til IKA Møre og Romsdal i Ålesund.

Les meir...

Kulturnett Møre og Romsdal opna

Kulturnett Møre og Romsdal vart opna av kulturdirektør Arvid Blindheim på fylkeshuset i Molde 12. okt. 2005. Nettstaden har adressa: moreogromsdal.kulturnett.no eller mr.kulturnett.no

Les meir...

IKA Møre og Romsdal møter moderniseringsdepartementet

IKA Møre og Romsdal har prosjektleder ansvar for OpenArms prosjektet, og vil den 20. september delta i møte med Moderniseringsdepartementet. Hensikten med møtet er å informere departementet om arbeidet, og å skaffe flere bidragsytere til prosjektet.

Les meir...

Tonje Ramse Trædal har slutta hjå IKA Møre og Romsdal.

Tonje Ramse Trædal har slutta hjå IKA Møre og Romsdal etter å ha vore tilsett i prosjektstilling/vikariat i om lag eit og eit halvt år. Ho tek no til i ny jobb hjå Det Norske Teatret i Oslo.

Les meir...

Datbase over arkivkatalogar er oppdatert

Kommunalt arkivmateriale frå Sunndal, Frei, Hareid og Kristiansund er no registrert og katalogisert. Desse katalogane er søkbare i databasen.

Les meir...

Intervju med datatilsynet

I februar intervjua Arnt Ola Datatilsynet om handtering av personopplysningar i delte system og på internett. Intervjuet var publisert i Arkivråd 01/05 og kan lesast her:

Intervju med datatilsynet

Les meir...

Ferieavvikling i IKA

IKA vil halde ope i heile sommar, med unntak av 18.-19. juli. Arnt Ola Fidjestøl har ferie i veke 29, 30 og 31, Rolf Petter Waage veke 29,30,31 og 32, Mads Langnes veke 29,30 og 31, Torun S. Soknes veke 26, 27, 28 og 29 og Liv Randi Foss ut veke 29. Tonje Ramse Trædal tek seg av alle henvendelsar vedr. IKA og Kulturnett Møre og Romsdal i denne perioden.

Les meir...

IKA på tur til Tromsø

8.-10 juni dreg heile IKA + kulturnett Møre og Romsdal på tur til Tromsø.

Les meir...

Kristiansundskontoret er opna igjen

Den 19. mai kom Torun Soknes tilbake etter endt svangerskapspermisjon, og Kristiansundskontoret er dermed i drift igjen.

Les meir...

Nettutstilling:1905 i Møre og Romsdal

IKA Møre og Romsdal vil med dette presentere ei større nettutstillig omhandlande 1905 i Møre og Romsdal. Her vil lek og lærd finne mykje interessant informasjon frå alle kommunar i fylket.

Les meir...

Representantskapet på omvising hjå IKA.

Fredag 29. april var det møte i representantskapet for IKA Møre og Romsdal. I dette høvet fekk dei frammøtte representantane, mellom anna fleire rådmenn og ordførarar, ei omvising i kontorlokala og arkivmagasina til IKA.

Les meir...

Foilar frå Kontaktkonferansen 2005

IKA Møre og Romsdal er veldig godt nøyd med oppmøte og gjennomføringa av konferansen, og vil bruke tid på å gå igjennom tilbakemeldingar frå dei som deltok. Foredragsfoilar frå innlegga kan lastast ned her (Konferansar)

Les meir...

Kontaktkonferansen 2005

Program, invitasjon og påmeldingsskjema til kontaktkonferansen 2005 er no sendt ut. Kontaktkonferansen vil i år arrangerast i Kristiansund, den 18. og 19. april.

Innbyding til KK2005
Påmeldingsskjema til KK2005
Program for KK2005
Deltakarliste

Les meir...

ABM-utvikling løyver midlar til IKA sitt privatarkivarbeid.

ABM-utvikling lyser kvart år ut midlar til prosjekt innan sektorane arkiv, bibliotek og museum. IKA Møre og Romsdal har no fått melding om at det blir løyvd midlar til privatarkivarbeidet hjå institusjonen.

Les meir...

Språktrening og etikettering

I samarbeid me Ålesund Vaksenopplæringssenter har IKA for tida fått ein ekstra medarbeidar i staben. Maria Mohammed frå Somalia skal jobbe hos oss ein dag i veka ut semesteret, og hjelper til med etikettering av protokollar.

Les meir...

NRK filma Norge Rundt-innslag i magasina til IKA.

Jugendstilsenteret i Ålesund oppbevarer eit spanande arkitektarkiv i magasina til IKA, og no nyst var NRK innom for å lage eit innslag til Norge Rundt om denne kulturhistoriske godbiten.

Les meir...

Kulturnettet og samarbeid med kommunane i fylket

23 kommunar i Møre og Romsdal har no slutta seg til Kulturnett Møre og Romsdal som samarbeidspartnarar. Samarbeidskommunane er: Aukra, Averøy, Frei, Giske, Halsa, Haram, Herøy, Kristiansund, Midsund, Molde, Nesset, Norddal, Sandøy, Skodje, Stordal, Stranda, Sula, Sykkylven, Ulstein, Vestnes, Ørskog og Ålesund.

Les meir...

Privatarkiv med spikarhol

Riksarkivaren har i samråd med ABM-utvikling peika ut IKA Møre og Romsdal som fylkeskoordinerande ledd i privatarkivarbeidet i Møre og Romsdal. Dette arbeidet vil bli utført i nært samarbeid med så vel fylkeskulturavdeling som regionmuseum og fylkesbibliotek.
Som eit døme på kor utsett privatarkiv er for å forsvinne, kan du her lese om korleis det har gått med eit kjøpmannsarkiv frå Kristiansund.

Les meir...

Om lærarkallet i Ulstein

Ein kjem over mykje rart når ein ordnar eldre arkiv. I Ulstein dukka det opp noko så sjeldant som ei ”Kallsbok for lærarpersonalet i Ulstein”. Protokollen er påbegynt i 1923 avslutta i 1968, og omtalar lærarane i Ulstein heilt tilbake til 1755. Her finn ein både personalhistoriske opplysningar av ymse slag og fargerike anekdotar frå skuletida.

Les meir...

Glimt frå ordningsarbeidet

Mesteparten av arkivmaterialet frå før 1965 er no henta inn frå dei 12 kommunane som skal avlevere til sentraldepot, og vi er i gang med ordningsarbeidet. Det kan av og til vere ein nokså muggen jobb.

Les meir...

IKA med kronikk i Sunnmørsposten

I samband med Arkivenes dag hadde IKA Møre og Romsdal ein kronikk på trykk i Sunnmørsposten. Du kan lese heile kronikken på internett.

Les meir...

Kulturnett Møre og Romsdal i møte med kommunane

Arbeidet med Kulturnett Møre og Romsdal er godt i gang. Til no har 18 av kommunane i fylket meldt interesse for å vere med i samarbeidet om kulturnettet.

Les meir...

Førstehjelp ved arkivflaum

Den siste månaden har vore uvanleg fuktig, sjølv til Vestlandet å vere, og nokre har fått merke dette betre enn andre. For enkelte arkivarar fekk omgrepet papirflyt dessverre ei litt for bokstavleg tyding. Her er nokre råd dersom ulukka skulle vere ute.

Les meir...

Krav til innbindingsmaskiner

På førespurnad frå IKA Møre og Romsdal har Riksarkivaret ved Knut Johannessen sendt oss eit brev om krav til innbinding. Klikk på "Les meir..." for å lese brevet.

Les meir...

Snart 1000 arkivskaparar registrert i Møre og Romsdal!

IKA Møre og Romsdal har no registrert og katalogisert 943 arkivskaparar i Møre og Romsdal. Desse arkiva er registrert inn i arkivsystemet ASTA, og databasane er tilgjengelege på nett (Katalog over eldre arkivmateriale)

Les meir...

eForvaltningsforskriften vedtatt

Forskrift om elektronisk kommunikasjon med og i forvaltningen ble vedtatt den 01.07.2004. Forskriften omhandler blandt annet bruk av epost, digitale signaturer og innholdskryptografi i saksbehandling.

Forskriften (Lovdata)

eForvaltningsforskriften med veiledning

Les meir...

Privatarkivteneste for Møre og Romsdal

Eit av måla med privatarkivprosjektet IKA arbeider med i 2004, er å leggje til rettes for ein permanent privatarkivteneste for Møre og Romsdal. I samband med dette går ein no ut og tek kontakt med ein del næringsverksemder kring om i fylket.

Les meir...

Kulturnett Møre og Romsdal i startgropa

I det komande året skal ein nettportal for kulturlivet i Møre og Romsdal utviklast. Frå før finst det 6 regionale kulturnett i Noreg i tillegg til det sentrale Kulturnett Noreg som gjeld heile landet.

Les meir...

Mykje nytt hjå IKA etter sommarferien

Frå og med måndag 9. august er IKA fulltalige att etter ferieavviklinga - og vel så det! IKA har nemleg fått ein ny tilsett i Liv Randi Foss som skal arbeide med Kulturnett Møre og Romsdal. I desse dagar avsluttar også handverkarane arbeidet med utvidinga av kontorlokalitetane på Ålesundskontoret.

Les meir...

Redusert mannskap i juli

Frå 8. juli og ut månaden går IKA for 1/4 maskin, då både Arnt Ola Fidjestøl, Mads Langnes og Rolf Petter Waage går ut i ferie. Tonje Ramse Trædal held likevel stand ut månaden, og tek imot alle henvendelsar.

Les meir...

Skodje kommune i nytt rådhus

IKA har vore på besøk i dei nye lokala i Skodje kommune. Skodje har i det nye rådhuset mellom anna fått eit nytt og flott servicekontor for innbyggarane.

Les meir...

Nye arkivkatalogar tilgjengelege - Skodje, Sande og Møre og Romsdal fylke

Meir av det eldre materialet er no blitt ordna og katalogisert, mellom anna materiale frå Skodje, Sande og Møre og Romsdal fylke. Materiale er også tilgjengeleg for søk i arkivdatabasen. som inneheld alt eldre arkivmateriale som er ordna i fylket så langt.

Les meir...

Kristiansund si historie pr. containar

Torsdag 17. juni vart det levert eit heilt containarlass på døra til IKA sine lokal i Ålesund. Med på lasset var store delar av Kristiansund sin kollektive hukommelse.

Les meir...

Arbeidsseminar i Kristiansund

25.-26.mai arrangert IKA Møre og Romsdal eit arbeidsseminar i Kristiansund i samarbeid med IKA Trøndelag.

Les meir...

Ålesund Offentlige Høgre Allmennskole sitt arkiv: 100 års skulehistorie.

Arkivet etter Ålesund Offentlige Høgre Allmennskole, det som i dag er Fagerlia videregående skole, er no ordna og registrert av IKA. Materialet gjev innsyn i mange sider ved skulelivet frå oppstarten i 1864 og fram til 1964, både av skulehistorisk og kulturhistorisk art.

Les meir...

Foredragsfoilar - Kontaktkonferansen 2004

Foredragsfoilar frå Kontaktkonferansen 2004 er no tilgjengelege her. IKA Møre og Romsdal er veldig godt nøyd med oppmøte og gjennomføringa av konferansen, og vil bruke tid på å gå igjennom tilbakemeldingar frå dei som deltok.

Les meir...

Avleveringa av eldre arkiv er i gang!

Vi er no i gang med å hente inn materiale frå dei kommunane som skal avlevere eldre arkiv til depoet i Ålesund. Først ut var Skodje og Kristiansund.

Les meir...

NB! IKA har fått nye telefonnumre

Frå og med fredag ettermiddag (kl.16:00) fekk IKA Møre og Romsdal sitt hovudkontor i Ålesund nytt telefonnummer og faksnummer. Sentralbord: 70 13 44 40 ,Telefaks: 70 13 44 41Vi har også fått direktenummer til dei ansatte.

Les meir...

Kontaktkonferansen 2004

Innbyding, program, påmeldingsskjema og fortløpande oversyn over påmelde til Kontaktkonferansen 2004 er no tilgjengeleg. Konferansen finn stad i Ålesund 21.-22. april, og påmeldingsfristen er 5. april. Vi har motteke 98 påmeldingar til konferansen.

Les meir...

Spennande arkivdykk i Aukra kommune

18.mars var vi ein tur i Aukra kommune for å sjå på det eldre kommunale arkivmaterialet som er plassert i kjellaren i det nye kommunehuset.

Les meir...

Ny arkivkonsulent byrja ved IKA

Tonje Ramse Trædal starta i jobben som arkivkonsulent 8. mars. Ho er tilsett i 6 månaders engasjement, og vil hovudsakleg arbeide med handtering av eldre arkivmateriale.

Les meir...

Riksarkivet har oppnemnd eit utval for å sjå på IKA-ordninga.

Riksarkivaren oppnemnde den 19. desember 2003 Nysæter-utvalet, med namn etter leiaren av utvalet.
Utvalet skal utrede rammevilkår og oppgåver knytte til kommunale arkivdepot og IKA-ordninga.
IKA Møre og Romsdal er også representert i utvalet.

Les meir...

IKA Møre og Romsdal lanserer nye heimesider

Endeleg er dei nye heimesidene klare! Sidene er bygd på ein dynamisk platform, noko som vil resultere i meir oppdatert og relevant informasjon. Dei gamle sidene er fortsatt tilgjeneglege ved å følgje denne lenken.

Les meir...

Arkivmagasinet i Ålesund er ferdigstilt.

Arbeidet med det nye arkivdepotet i Ålesund er no så godt som ferdigstilt. Berre få dagar står att før ein kan byrje ta det i bruk.

Les meir...

Nytt depot i Ålesund

Arbeidet med det nye depotet i Ålesund er snart er godt i gong. Når depotet er ferdig vil IKA Møre og Romsdal disponere 3000 hyllemeter.

Les meir...


        

        

        

        

Ålesundskontoret: Kirkegt.10, Pb 1073 Sentrum, 6001 Ålesund
70165180 | Fax: 70165181 | postmottak[at]ikamr[dot]no

webmaster[at]ikamr[dot]