|
|
>
Eldre arkiv
|
Eldre arkiv
IKA Møre og Romsdal tek på seg å ordne, registrere, katalogisere og gjere tilgjengeleg det eldre arkivmaterialet til kommunane. Ved å gå inn på vala i menyen til venstre kan de lese meir om dette arbeidet. De kan også søkje i arkivkatalogar, lese om kommunehistorikken i fylket og om dei ulike arkivskaparane. I tillegg legg me jamleg ut smakebitar frå arkiva.
Offentlege og private arkiv utfyller einannan
(10. desember 2004 12:09:42)
I seinare år har ein vorte meir oppteken av at ein ikkje berre skal ta vare på arkivmateriale etter offentlege arkivskaparar, men også etter dei private verksemdene i samfunnet. Dette for å kunne danne seg eit fullverdig bilete av fortida. Men dette er ikkje nye tankar. Magistraten i Ålesund var inne på det same allereie i 1905.
Les meir...
|
Arkivmateriale som kjelde til fortida
(19. november 2004 14:28:44)
I samband med Arkivenes dag hadde IKA Møre og Romsdal ein kronikk på trykk i Sunnmørsposten. Du kan lese heile kronikken på internett.
Les meir...
|
Rottekrignemnda i Surnadal.
(20. april 2004 13:22:19)
Ein kjem over eit rikt utval arkivskaparar når ein arbeider med eldre, kommunale arkivkjelder. Av dei mest særmerkte arkivskaparane IKA Møre og Romsdal har kome over her i vårt fylke, kan me nemne rottekrignemnda i Surnadal.
Les meir...
|
Autorisasjon av protokollar
(19. januar 2004 14:25:44)
Når me i IKA skal ordne, registrerte og katalogisere dei eldre arkivsakene i ein kommune, byrjar me med å identifisere protokollane. Til dette kan eventuelle autorisasjonar vere til god hjelp.
Les meir...
|
Om utskjenking av øl og vin
(19. januar 2004 13:18:54)
Både på 1800- og 1900-talet har fråhaldssrørsla stått sterkt i Møre og Romsdal. Mellom anna var kring 20 % av folket i fylket medlem av ein av dei mange fråhaldsorganisasjonane kring 1920. Her kan de lese eit brev totalavholdslaget i Vestnes sende til formannskapet i 1891.
-
Les meir...
|
Ordensreglar i Vestnes frå 1899
(19. januar 2004 12:25:37)
Dei siste par åra har IKA lagt ned ein del arbeide på å ordne, registrere og katalogisere det eldre kommunale arkivmaterialet frå Vestnes og tidlegare Tresfjord kommune i Romsdal. Som eit døme på kva ein kan kome over i dette materialet, har eg funne fram eit brev som vart sendt til heradstyret i Vestnes i 1899.
Les meir...
|
|
|
|