Kommune- historikk
Formannskapslovene av 1837 var grunnlaget for at det vart oppretta formannskapsdistrikt i Noreg. I utgangspunktet var det dei gamle prestegjelda som skulle utgjere eit formannskapsdistrikt. Ein byrja noko seinare på 1800-talet å kalle desse formannskapsdistrikta for herad, og på 1900-talet vart kommunenemninga den vanlegaste.
Gjennom åra har kommuneinndelinga i Møre og Romsdal vore i endring. Alt frå dei første åra etter 1837 byrja kommunar å dele seg. Det var gjerne dei einskilde kyrkjesokna som vart utskilde som eigne kommunar. Dette var ei utvikling som heldt fram også utetter 1900-talet. Men på 1960-talet opplevde ein ei motsett utvikling, då ei rekkje småkommunar vart slege saman til nye storkommunar. I tillegg har det også gått føre seg ei rekkje mindre grensereguleringar gjennom åra.
For at ein skal finne fram i dei gamle kommunearkiva og få fullt utbytte av dei, bør ein kjenne til administrasjonshistorikken for det aktuelle området ein vil ta for seg. IKA Møre og Romsdal har difor skrive nokre stutte administrasjonshistoriske oversyn over dei kommunane der me har ordna, registrert og katalogisert det eldre arkivmaterialet. Nedanfor kan ein gå inn på noverande kommune og sjå korleis dei administrasjonshistoriske tilhøva har vore frå 1837 og fram til no. - Administrasjonshistorisk oversyn for: Aukra Averøy Giske Rauma Surnadal Tustna Vanylven Vestnes Volda
|