Arkivskapar- historikk
Arkivskaparhistorikk For å kunne nyttiggjere seg materialet som kan ligge i dei kommunale arkiva, vil det vere nyttig å vite kva ein skal leite etter. Dei ulike arkivskaparane den kommunale forvaltinga har romma gjennom tidene har difor vorte gruppert i hovudkategoriar. Dette gjeld alle slags styre, råd, nemnder, utval og anna. Under desse hovudkategoriane finn ein kvar einskild av dei ulike arkivskaparane som høyrer heime der. Vil ein vite meir om kva oppgåver nett den aktuelle arkivskaparen utførde og kva materiale ein kan finne i arkiva etter denne, kan ein klikke seg inn på arkivskaparen. Ein vil då kunne lese ein meir fyldig arkivskaparhistorikk.
Døme Om ein til dømes er interessert i jordbruk, kan ein sjå under hovudkategorien Nærings og ressursforvalting. Her ser ein at det er ei rekkje aktuelle arkivskaparar; så som Jordstyret, Hestenemnda, Reiskapsnemnda og andre. Går ein så inn på ein av desse arkivskaparane, vil ein finne ei fyldigare utgreiing om oppgåvene og arkivsakene til denne. Her må ein likevel innvende at ein ikkje må sjå seg blind på hovudkategoriane. Til dømes vil ein også finne interessante arkivsaker som gjeld jordbruk under Heradskommisjonen i hovudkategorien Økonomiforvaltinga og likeeins under Bygdemagasin i hovudkategorien Kommunal næringsdrift.
Hovudkategoriar Folkevalde organ, sentraladministrasjonen Folkeregisteret Økonomiforvaltninga Kyrkje og kultur Undervisning Sosiale oppgåver Tekniske oppgåver Nærings- og ressursforvaltning Kommunal næringsdrift Forsvar og vernebuing Rettstell Krise- og reguleringstiltak
|