Glimt frå ordningsarbeidet
(10. desember 2004 20:54:31)
Mesteparten av arkivmaterialet frå før 1965 er no henta inn frå dei 12 kommunane som skal avlevere til sentraldepot, og vi er i gang med ordningsarbeidet. Det kan av og til vere ein nokså muggen jobb.
Her er det korrespondansearkiv frå Edøy, ein av dei tre tidlegare kommunane på Smøla, som blir gjennomgått. Det tidlegare arkivlokalet i det gamle biblioteket på Smøla hadde eit rått klima, og delar av materialet var difor angripe av muggsopp. IKA rykker sjølvsagt fryktlaust ut for å stanse angrepet, og sørgjer for at arkivmaterialet blir trygt oppbevart for ettertida.
|