Om lærarkallet i Ulstein
(15. desember 2004 15:57:35)
Ein kjem over mykje rart når ein ordnar eldre arkiv. I Ulstein dukka det opp noko så sjeldant som ei ”Kallsbok for lærarpersonalet i Ulstein”. Protokollen er påbegynt i 1923 avslutta i 1968, og omtalar lærarane i Ulstein heilt tilbake til 1755. Her finn ein både personalhistoriske opplysningar av ymse slag og fargerike anekdotar frå skuletida.
Ein av dei føste lærarane som er omtalte, er Rasmus Søre-Vartdal, fødd i 1790. Rasmus var lærar for heile Vartdalsstranda og Sula i perioden 1806-1818, og jobba også ei tid i Liabygda og Hareid. Dette var før ein fekk faste skulehus, og lærarane reiste rundt på gardane. Om Rasmus kan vi mellom anna lese:
”Rasmus skreiv ei ven handskrift, og hadde ikkje so liten tame (øving) i å stile. Han vart difor mest som ein bygdeskrivar, som laut skrive all-slag dokument og brev. Ja, endå til kjærleiksbrev og friarbrev skreiv han åt mange gutar. Gjentune fekk ikkje lære å skrive den tid, og kunde ikkje lese skrift. Når då ei fekk eit brev, måtte ho jamnast gå til Rasmus for å få det lese. Kanskje hjelpte han henne til å svare og. Og folk sa at det slo aldri feil, når Rasmus hadde ei klo i det.”
Rasmus var ein blid og venleg lærar, kan vi lese, og han kom alltid godt ut av det med folk. Han vart gift med Eli Andersdotter Massdal, fødd i 1794, og jamvel mor til Eli, Ingeber Guttomsdotter Massdal, er tatt med i omtalen: ho vart 101 år gamal. Ein finn også opplysningar om dei fem borna til Rasmus og Eli, når dei vart fødde og kva dei dreiv med.
Ein annan lærar som blir omtalt i detalj er Sjur Arneson Røyset, ”Arne-Syver, dei kalla”, som var lærar i Nørre-Vartdalsstranda og på Sula frå 1818-1830. Om han står det at: ”Arne-Syver var ein meister å ”katekisere”, tykte folk”, og vi får nokre illustrerande døme på dette. Mellom anna finn vi ei nokså original forklaring på astronomiske fenomen:
”Syver: -Hvad er månen av? Borna: -Me veit ´kje det. Syver: -Hvad er stjernene av? Borna: -Me veit ´kje det. Syver: -Eg skal seie dykk det, småborn: det er tre fæle troll: Akslakuen, Remefronten og Blankholmfrusken, og dei klipper fullmånen opp til stjerner og strør dei utover himmelen. Difor ser dykk, småborna mine, at der er so mykje stjerner når månen minkar, og lite når han veks.”
Arne-Syver ser ikkje ut til å ha gått av vegen for å skremme ungane litt når han fann det naudsynt, og det manglar ikkje på fantasifulle døme:
”Ein annan gong tok Syver til soleis: -F.eks., småborna mine, korleis vilde det gå dykk, om dykk kom inn i eit hus som var fullt av vonde ånder og fleinskalla smådjevlar? Borna: -Det vilde gå oss ille. Syver: -Ja, det vilde visselig gå eder ilde, småbarn! Eller korleis ville det gå dykk, småbarna mine, om dykk sette til havs på ein møkk-slede? Borna: - Det vilde gå oss ille. Syver: Ja, det vilde i sandhed gå eder ilde, småbarn. (Emnet for nemnde ”kateks” var, at Syver vilde prente inn i borna, at det går ille den som fer uvitugt åt.”
Syver hadde også ein del vanar som dagens skuleborn kanskje ville reagert litt på: ”Syver var óg skyttar. Ham fanga mykje røysekatt og anna småvilt, som han sat og flåtte inne i skulestova, medan borna las,” får vi vite.
Den første delen av denne handskrivne protokollen er ført i pennen av den pensjonerte læraren Johannes Ingebrigtsen Lynge, fødd i 1855. Johannes vaks opp på Lynge i Ustein, og hadde i løpet av si eiga skuletid heile 9 ulike lærarar. Han meinte difor han hadde eit godt grunnlag for å skrive lærarsoge for bygda. Johannes var sjølv lærar i Flø og Dimma samanhengande i 48 år, frå 1874 til 1922. Andre lærarar har seinare ført inn opplysningar om seg sjølve i denne protokollen, som gjev eit nokså uvanleg innblikk i korleis lærarkallet kunne arte seg i tidlegare tider.
Biletet er henta frå Bergen Skolemuseum, og viser eit klasserom frå 1930-talet.
|