|
|
>
Privatarkiv
|
Privatarkiv
IKA Møre og Romsdal gjennomførte i løpet av 2004 eit privatarkivprosjekt med Mads Langnes som prosjektansvarleg. Institusjonen har også vorte peika ut som fylkeskoordinerande institusjon innan privatarkivarbeidet i Møre og Romsdal. På denne sida vil ein finne ymse informasjon om kva arbeid IKA Møre og Romsdal er involvert i gjeldande privatarkiv.
IKA Møre og Romsdal får privatarkivteneste.
(27. oktober 2005 10:13:36)
Dei fleste kommunane i fylket har no svara positivt på at dei ønskjer at IKA skal skipe til ein privatarkivteneste for Møre og Romsdal. Også dei fire ikkje-medlemkommunane Ålesund, Molde, Fræna og Eide vil slutte seg til. Elles står fylket og ABM-utvikling for finansieringa av tenesta. IKA ser no fram til å kunne arbeide med arkiv etter lag og foreningar, verksemder og privatpersonar. Ein vil også samarbeide nært med museum, folkebibliotek og historielagsrørsla i fylket.
Les meir...
|
Arbeidarbevegelsens Arkiv for Møre og Romsdal flytta over til IKA sine arkivmagasin.
(18. oktober 2005 13:12:26)
På 1980-talet byrja ein samle inn arkivtilfang frå lag og organisasjonar knytte til arbeidarrørsla i Møre og Romsdal. Arkivmaterialet vart i første omgang lagra i kjellaren på Fylkesbiblioteket, men er no flytta over til arkivmagasina til IKA Møre og Romsdal i Ålesund.
Les meir...
|
Privatarkiv med spikarhol
(04. februar 2005 14:14:52)
Riksarkivaren har i samråd med ABM-utvikling peika ut IKA Møre og Romsdal som fylkeskoordinerande ledd i privatarkivarbeidet i Møre og Romsdal. Dette arbeidet vil bli utført i nært samarbeid med så vel fylkeskulturavdeling som regionmuseum og fylkesbibliotek. Som eit døme på kor utsett privatarkiv er for å forsvinne, kan du her lese om korleis det har gått med eit kjøpmannsarkiv frå Kristiansund.
Les meir...
|
Offentlege og private arkiv utfyller einannan
(10. desember 2004 12:09:42)
I seinare år har ein vorte meir oppteken av at ein ikkje berre skal ta vare på arkivmateriale etter offentlege arkivskaparar, men også etter dei private verksemdene i samfunnet. Dette for å kunne danne seg eit fullverdig bilete av fortida. Men dette er ikkje nye tankar. Magistraten i Ålesund var inne på det same allereie i 1905.
Les meir...
|
Tilbod om privatarkivteneste til næringsverksemder i fylket
(12. august 2004 14:05:30)
Eit av måla med privatarkivprosjektet IKA arbeider med i 2004, er å leggje til rettes for ein permanent privatarkivteneste for Møre og Romsdal. I samband med dette går ein no ut og tek kontakt med ein del næringsverksemder kring om i fylket.
Les meir...
|
Seminar for fylkeskoordnierande ledd i privatarkivarbeidet.
(19. april 2004 13:40:35)
Riksarkivarens retningsliner for arbeidet med privatarkiv gjeldande frå 2002, legg opp til at det blir oppretta eit riksdekkande nettverk av organ/institusjonar med funksjonsansvar for privatarkiv. I byrjinga av mars 2004 vart det halde seminar for desse organa. Seminaret vart halde i regi av ABM-utvikling og Riksarkivet.
Les meir...
|
|
|
|