Om IKA Depot Arkivdanning Personregister Eldre arkiv Privatarkiv Elektronisk arkiv  

> Kulturnett / Kulturnett Møre og Romsdal

 



Kulturnett Møre og Romsdal

Kulturnett Møre og Romsdal

Føremålet med Kulturnett Møre og Romsdal er å synleggjere kulturen i fylket både i fortid og notid. Det er meint å vere eit tilbod for folk flest der ein kan få oversikt over kulturen i fylket og gjere seg nytte av den. For kulturaktørane er det ein eineståande reiskap til å formidle kultur og informasjon på nettet.

Kulturnettet har som mål å gi publikum tilgang til ein nettstad med oversikt over nyhende, arrangement, informasjon om ulike kulturtema, institusjonar/organisasjonar, kulturminne og personar innan kultur, samt tilgang til organisert informasjon som t.d. arkivstoff og andre kjelder til kultur, historie og samtid. Databasar med ulike data, t.d. foto og stadnamn, vil bli gjort tilgjengeleg for publikum etter kvart. Førebels kan ein søkje i basane ved Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane når det gjeld Fotoarkiv og Lokale stadnamn for Møre og Romsdal. Basen inneheld no foto frå 19 av kommunane i fylket, men med varierande mengd og kvalitet på registreringane. Stadnamna for Rindal og Norddal utan kartfesting er òg publiserte. Stadnamna for dei resterande kommunane kjem etter kvart.

Arbeidet med Kulturnett Møre og Romsdal er godt i gang. Til no har 21 av kommunane i fylket meldt interesse for å vere med i samarbeidet om kulturnettet. Samarbeidskommunane er: Aukra, Averøy, Frei, Giske, Halsa, Herøy, Kristiansund, Midsund, Molde, Nesset, Norddal, Sandøy, Skodje, Stordal, Stranda, Sykkylven, Tustna, Ulstein, Vestnes, Ørskog og Ålesund.
Kommunane har oversikt over kva som rører seg innan kulturlivet i eigen kommune, og vi ser difor på kommunane som særs viktige for å skaffe informasjon til kulturnettet og formidle informasjon om kulturnettet ut i eigen kommunen.

Ein felles kulturkalender (kalenderen til Kulturnett Noreg) er viktig for å få ei samla oversikt over kva som skjer i den einskilde kommune og for fylket sett under eitt. Kommunen kan få same kalenderen fritt integrert på eiga heimeside dersom dei ønskjer det.
Kulturnettet skal lenke direkte til kultursida på heimesida til den einskilde kommunen. I tillegg ønskjer vi at kvar kommune skal få presentere eige kulturliv/eigen kommune litt breiare i magasindelen til kulturnettet. Vi er elles opne for idear kommunane sjølve måtte kome med.
Desse sakene er no drøfta i møte med kulturkontora i dei fleste av samarbeidskommunane i vekene før jul 2004. Resten av kommunane vert vitja i januar/februar 2005.

Kulturnett Møre og Romsdal er førebels ikkje på nett, men for at nettstaden, når han kjem, skal kunne fungere etter føremålet, er det nødvendig med eit godt samarbeid med publikum og aktørar innan dei ulike kulturtenestene. Idear til korleis kulturnettet kan bli best mogeleg for alle kulturinteresserte i fylket, vert teke godt imot.


        

        

        

        

Ålesundskontoret: Kirkegt.10, Pb 1073 Sentrum, 6001 Ålesund
70165180 | Fax: 70165181 | postmottak[at]ikamr[dot]no

webmaster[at]ikamr[dot]