Risiko for store dokumentasjonstap i kommunal sektor Om IKA Depot Arkivdanning Personregister Eldre arkiv Privatarkiv Elektronisk arkiv  

> Privatarkiv / Prosjekt: Fiskerihistoriske arkiv

 

Kva er privatarkiv?

Prosjekt: Fiskerihistoriske arkiv





Prosjekt: Fiskerihistoriske arkiv

Prosjekt: Fiskerihistoriske arkiv

IKA Møre og Romsdal vil i løpet av 2005 gjennomføre ei kartlegging av fiskerihistoriske arkiv i Ålesund og omegn. Prosjektet er eit samarbeid mellom Fiskerihistorisk Arbeidsgruppe, Høgskolen i Ålesund, Sunnmøre Museum og IKA Møre og Romsdal.

Målet med kartlegginga er i første omgang å få ei oversikt over kva som finst av fiskerihistoriske arkiv, og ikkje minst kvar dette finst. Ein vil vitje aktive organisasjonar og verksemder, men også prøve spore opp arkivmateriale etter slike som no er nedlagde. Arkivmaterialet vil bli registrert i standardsystemet for arkivregistrering: Asta.

I løpet av prosjektet vil ein også undersøkje om det er vilje og interesse for at ein skal samle inn delar av det aktuelle arkivmaterialet for trygg oppbevaring, ei meir detaljert ordning/registrering og betre tilrettelegging for formidling.

Me ønskjer gjerne tips og innspel i høve dette prosjektet.


        

        

        

        

Ålesundskontoret: Kirkegt.10, Pb 1073 Sentrum, 6001 Ålesund
70165180 | Fax: 70165181 | postmottak[at]ikamr[dot]no

webmaster[at]ikamr[dot]