Om IKA Depot Arkivdanning Personregister Eldre arkiv Privatarkiv Elektronisk arkiv  

> Om IKA / Lesesal

 

Nyhende

Avtalebok

Medlemmar

Konferansar

Tilsette

Kontakt oss

Lesesal

Webarkiv

Arkiv lenker

Digitaliserte møtebøker





Lesesal

Lesesal

Opningstider

Lesesalen finst i tilknyting til depotet i Kirkegata 10 i Ålesund. Vi har ope måndag til fredag kl. 09.00-15.00.

Tilgang til materialet

Tilgang til arkivmaterialet føreset at det er ordna og registrert. Ei oversikt over alt materialet som er ordna finst i arkivdatabasen, som blir kontinuerleg oppdatert ettersom nytt materiale kjem til.
Her kan ein mellom anna søkje på kva slags materiale som finst frå ulike kommunar og arkivskaparar. Ver merksam på at denne databasen viser alt registrert arkivmateriale i fylket, og ikkje berre det som finst i vårt depoet. Ein bør difor ta kontakt med IKA på førehand for å finne ut kor det aktuelle arkivmaterialet er oppbevart. Dei tilsette ved IKA vil også kunne gje rettleiing i bruk av ulike typar arkivmateriale.

Alle arkiv er ikkje automatisk tilgjengelege for publikum. Nokre arkivseriar inneheld opplysningar som er underlagte teieplikt, og er difor klausulerte. Personar som er part i sak har etter forvaltningslova rett til innsyn i opplysningar om seg sjølve, og vil kunne få tilgang ved søknad om dette. Forskare vil også i nokre tilfelle kunne få tilgang til klausulert materiale etter søknad.

Lån og bruk på lesesalen
For å få tilgang til arkivmaterlaiet, må ein levere eit førespurnadsskjema til lesesalsinspektøren, som finn fram dei aktuelle arkivstykka. Det skal også leverast ei eigarfråsegn, og brukaren skal ha gjort seg kjend med reglane for bruk av arkivsaker på lesesalen. Utlånte arkivsaker skal leverast til lesesalsinspektøren etter bruk. Arkivsaker er originalt og uerstatteleg kjeldemateriale, og må difor handterast med respekt og varsemd. Dirfor skal ein:

  • Berre opne ein arkivboks eller pakke om gongen.
  • Ikkje legge opne protokollar oppå kvarandre.
  • Ikkje lage brettar eller setje blyant- eller pennemerker i arkivsakene.
  • Sjå til at rekkefølgja på dokumenta ikkje blir skipla.
  • Aldri fjerne noko av innhaldet.
Reglar

Kopiering
For kopiar av materialet må ein henvende seg til lesesalsvakta. Materiale som er svært skjørt eller skadd kan ikkje kopierast. Kopiering av klausulert materiale må vurderast av IKA i kvart enkelt tilfelle. Ein kan få inntil 10 kopiar utan ekstra kostnadar. For kopiar ut over dette er prisen:

  • Tekstkopiar A4: kr. 4,- pr. stk.
  • Tekstkopiar A3: kr. 8,- pr. stk.
  • Fargekopiar: kr. 20,- pr. stk.

        

        

        

        

Ålesundskontoret: Kirkegt.10, Pb 1073 Sentrum, 6001 Ålesund
70165180 | Fax: 70165181 | postmottak[at]ikamr[dot]no

webmaster[at]ikamr[dot]