ABM-utvikling løyver midlar til IKA sitt privatarkivarbeid.
ABM-utvikling lyser kvart år ut midlar til prosjekt innan sektorane arkiv, bibliotek og museum. IKA Møre og Romsdal har no fått melding om at det blir løyvd midlar til privatarkivarbeidet hjå institusjonen.
Det vart søkt om midlar til heile 238 ulike prosjekt i 2005, der om lag 70 av desse fekk innvilga stønad - Innvilga søknader.
IKA Møre og Romsdal arbeider med å etablere ein permanent privatarkivteneste for Møre og Romsdal, og søkte i samband med dette om ein stønad på kr. 95 000. ABM-utvikling løyvde heile denne summen.
|