Kulturnett Møre og Romsdal opna
(13. oktober 2005 15:29:42)
Kulturnett Møre og Romsdal vart opna av kulturdirektør Arvid Blindheim på fylkeshuset i Molde 12. okt. 2005. Nettstaden har adressa: moreogromsdal.kulturnett.no eller mr.kulturnett.no
Kulturnettet for Møre og Romsdal er etter Kulturnett Hordaland det 2. regionnettet av Kulturnett Noreg som vert lansert etter ein ny og banebrytande modell. Rådgjevar Kristin Bolgård frå ABM-utvikling (Statens senter for Arkiv, Bibliotek og Museum) og Kulturnett.no presenterte den nye kulturnettmodellen: eit samarbeid på tvers av landet og på tvers av sektorgrenser med eit felles datagrunnlag ein kan hente ut relevant informasjon frå. Informasjonen i kulturnettet er kvalitetssikra, noko som er særs viktig når ein tenkjer på informasjonsmengda på Internett.
Møre og Romsdal er no sett på kulturkartet. Det skal vere ein nettstad for vanlege kulturinteresserte folk – ein stad å hente informasjon og kunnskap om kultur i og om fylket vårt. Nettstaden skal gi informasjon om kulturminne/kulturattraksjonar i fylket, institusjonar og kunstnarar og kulturarrangement. Kulturkalenderen får spesiell fokus for å vise kva som skjer på kulturfronten rundt om i fylket.
Kommunane er viktige samarbeidspartnarar for Kulturnettet, og kalenderen er eit viktig felles utgangspunkt. Hittil har 13 kommunar integrert den felles kulturkalenderen på eigen nettstad. Målet er at alle kommunane i fylket vil ha tilbodet om å registrere og vise arrangement i eigen kommune til innbyggjarane sine.
Kulturnettet er komen på nett, men arbeidet med innhaldet er berre i startgropa. Det er mange kulturtema det manglar eller er lite lokalt stoff om enno.
Kulturnett Møre og Romsdal er glad for alle tips som kjem inn. E-postadressa er: kulturnett[at]ikamr[dot]no
|