IKA Møre og Romsdal får privatarkivteneste.
(27. oktober 2005 10:13:36)
Dei fleste kommunane i fylket har no svara positivt på at dei ønskjer at IKA skal skipe til ein privatarkivteneste for Møre og Romsdal. Også dei fire ikkje-medlemkommunane Ålesund, Molde, Fræna og Eide vil slutte seg til. Elles står fylket og ABM-utvikling for finansieringa av tenesta. IKA ser no fram til å kunne arbeide med arkiv etter lag og foreningar, verksemder og privatpersonar. Ein vil også samarbeide nært med museum, folkebibliotek og historielagsrørsla i fylket.
Under skipingsprosessen på 1990-talet vart det arbeidd for at IKA skulle ha ansvar både for kommunale arkiv og privatarkivarbeidet i Møre og Romsdal. Då IKA vart oppretta i år 2000 vart det likevel berre kommunale arkiv som vart arbeidsfeltet. I ettertid har IKA utført eit privatarkivprosjekt finansiert av Møre og Romsdal fylke i 2004, der målet var å leggje til rettes for ein privatarkivteneste for Møre og Romsdal. Kommunane i fylket fekk i 2005 eit tilbod om å vere med på ein privatarkivteneste for Møre og Romsdal, med svarfrist i oktober. Også dei fire ikkje-medlemskommunane i fylket fekk tilbodet. Det viser seg no at dei fleste kommunane i fylket ønskjer at IKA skal skipe til ein privatarkivteneste, der også dei fire ikkje-medlemkommunane Ålesund, Molde, Eide og Fræna vil slutte seg til. Elles står fylket og ABM-utvikling for sentrale delar av finansieringa av tenesta. Privatarkivtenesten vil kome i drift på nyåret.
|