Om IKA Depot Arkivdanning Personregister Eldre arkiv Privatarkiv Elektronisk arkiv  

> Om IKA / Webarkiv / IKA Møre og Romsdal skipar til privatarkivteneste.

 

Nyhende

Avtalebok

Medlemmar

Konferansar

Tilsette

Kontakt oss

Lesesal

Webarkiv

Arkiv lenker

Digitaliserte møtebøker





IKA Møre og Romsdal skipar til privatarkivteneste.

Biletet viser Bud Arbeidarlag sitt arkiv.

Dei fleste kommunane i fylket har no svara positivt på at dei ønskjer at IKA skal skipe til ein privatarkivteneste for Møre og Romsdal. Også dei fire ikkje-medlemkommunane Ålesund, Molde, Fræna og Eide vil slutte seg til. Elles står fylket og ABM-utvikling for finansieringa av tenesta.
IKA ser no fram til å kunne arbeide med arkiv etter lag og foreningar, verksemder og privatpersonar. Ein vil også samarbeide nært med museum, folkebibliotek og historielagsrørsla i fylket.

Under skipingsprosessen på 1990-talet vart det arbeidd for at IKA skulle ha ansvar både for kommunale arkiv og privatarkivarbeidet i Møre og Romsdal. Då IKA vart oppretta i år 2000 vart det likevel berre kommunale arkiv som vart arbeidsfeltet.
I ettertid har IKA utført eit privatarkivprosjekt finansiert av Møre og Romsdal fylke i 2004, der målet var å leggje til rettes for ein privatarkivteneste for Møre og Romsdal.
Kommunane i fylket fekk i 2005 eit tilbod om å vere med på ein privatarkivteneste for Møre og Romsdal, med svarfrist i oktober. Også dei fire ikkje-medlemskommunane i fylket fekk tilbodet.
Det viser seg no at dei fleste kommunane i fylket ønskjer at IKA skal skipe til ein privatarkivteneste, der også dei fire ikkje-medlemkommunane Ålesund, Molde, Eide og Fræna vil slutte seg til. Elles står fylket og ABM-utvikling for sentrale delar av finansieringa av tenesta.
Privatarkivtenesten vil kome i drift på nyåret.


        

        

        

        

Ålesundskontoret: Kirkegt.10, Pb 1073 Sentrum, 6001 Ålesund
70165180 | Fax: 70165181 | postmottak[at]ikamr[dot]no

webmaster[at]ikamr[dot]