Databasen med arkivkatalogar er oppdatert
(31. oktober 2005 11:26:40)
IKA driv kontinuerleg med ordning og registrering av eldre, kommunale arkiv, og databasen med søkbare arkivkatalogar på heimesida til IKA er no oppdatert. Nytt er at ein no har fått tilgang til eit fritekstsøk i databasen, samt at ein kan søke i bystyresaker frå Kristiansund frå 1946 og frametter.
Ved å søke i fritekstfeltet i databasen, vil ein kunne få treff både i katagoriane arkiv, arkivserie, arkivstykke og arkivmappe.
IKA er no i gang med å registrere bystyresakene frå Kristiansund kommune frå 1946 og frametter, og ein vil finne desse registrert med sakstitlar i databasen.
Gå til databasen.
|